Tenestekontor, Sykkylven kommune
Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Tenestekontoret og koordinerande eining. Stillinga har personalansvar for 3 årsverk.
Er du ein trygg og tydeleg leiar og ønskjer å vere med på å utvikle strategisk retning for helse- og omsorgsstenestene i Sykkylven kommune? Da kan denne stillinga være noko for deg.
Tenestekontoret si hovudoppgåve er å avklare enkeltpersonar sitt behov for helse- og omsorgstenester, samt vere koordinerande eining for habilitering, og rehabilitering. Tenestekontoret skal utvikle gode tenester, finne gode løysingar i fellesskap, ha fokus på å brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid. Målet er «ei dør inn», der ein sikrar lik behandling og rettstryggleik ved vurdering/tildeling av tenester til alle innbyggjarar, uavhengig av alder.
Arbeidsoppgåver
- Organisere og leie tenestekontoret og koordinerande eining.
- Økonomistyring og resultatkontroll.
- Planleggeing og utviklingsarbeid.
- Interkontroll og HMS-ansvar.
- Saksbehandling
- Vedtaksansvar for helse- og omsorgstenester.
- Enkeltvedtak etter Lov om helse- og omsorgstenester
- Ha fokus på koordinering, samarbeid, og samhandling med brukarar, deira pårørande, dei ulike einingane i kommunen, og med eksterne samarbeidspartar.
- Mottaksadresse for utskrivningsklare pasienter fra sjukehus.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer ein person med høgskuleutdanning innan helse og sosialfag.
- Ønkeleg med leiarerfaring og leiar utdanning, evt at du er villeg til å gjennomføre slik utdanning.
- Kjennskap til relevante lover, foreskrifter og avtaleverk.
- Relevant kompetanse innan offentleg forvaltning og sakshandsaming er ønskeleg, om ikkje må du vere villeg til å skaffe deg dette.
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid, med gode samhandlingsevner.
- Evne til å handtere fleire ulike arbeidsoppgåver, og skape god struktur i arbeidet.
- God IT-kompetanse.
- Norskkunnskapar med god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Vi vil legge vekt på faglege kvalifikasjonar og personleg eignaheit.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og relasjonskompetanse.
- Er tydeleg og målretta
- Er inkluderande og har blikk for alle.
- Kan engasjere og innvolvere tilsatte i utviklingsarbeid
- Er ein samlande og trygg leiar som ivaretek medvirkning og sikrar iverksetting av interne og overordna styringsdokument.
- Er opptatt av kvalitet og tverrfagleg samarbeid.
- Er fleksibel, lojal og har godt humør.
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med komplekse, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for eigenutvikling.
- Engasjerte og kompetente medarbeidarar.
- Lønn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
- God pensjonsordning og fri ulykkes- og gruppelivsforsikring.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Henning Pilskog, Kommunalsjef, 41428558, henning.pilskog@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4949182956
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 27.04.2025