Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
Om stillinga
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) søkjer ein ny medarbeidar til administrativ støtte for departementsråden og politisk leiing. Statsrådsseksjonen følgjer opp saksflyten mellom fagavdelingane i departementet og politisk leiing, Stortinget og statsministerens kontor. Du vil bli ein del av eit team på 3–4 medarbeidarar. Du vil ha tett kontakt med, og yte leiarstøtte og administrativ støtte til, statsråden/øvrig politisk leiing og departementets øvste leiing.
Du får jobbe med
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å
- ha ansvar for departementsrådens kalender, koordinere avtalar, møter og invitasjonar
- fasilitere møter og arrangement der departementsråden eller politisk leiing deltek
- bestille og koordinere reiser
- handtere fakturaer og føre reiserekningar
- svare på e-post og telefonførespurnader til statsrådsseksjonen
- bistå med løpande administrative oppgåver på kontoret, mellom anna klargjere dokument til regjeringskonferansar og statsråd på Slottet
Arbeidsoppgåvene vil variere og innebere tett kontakt internt med statsråden/øvrig politisk leiing, departementsråden, fagavdelingane og eksterne aktørar.
Vi søkjer deg som
For å kvalifisere for stillinga, må du ha
- relevant utdanning, gjerne innan kontor/administrasjon/service eller liknande. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- erfaring frå liknande stilling i departementsfellesskapet
- god formidlingsevne på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- god digital kompetanse. Vi brukar mellom anna MS Office, Websak, Contempus og Teams
Personlege eigenskapar
Du vil vere ei viktig administrativ støtte og legge til rette for at administrativ og politisk leiing får gjort jobben sin på ein god måte. For å lukkast i stillinga må du difor vere godt organisert, nøyaktig og strukturert. Det er viktig at du evnar å prioritere mellom oppgåver, og at du trivst med ein hektisk, og til tider uforutsigbar, kvardag. Det er forventa at du bidrar på tvers i teamets oppgåveløysing og avlastar andre. Vidare er det viktig at du trivst med å yte service på høgt nivå, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi tilbyr
- eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin
- ein spennande jobb i eit sterk fagmiljø
- DFD gir gode utviklingsmoglegheiter
- lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport
- gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar
Løn: Stilling blir lønt som rådgivar frå kr 650 000–700 000 per år. Lønnsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar.
Tryggingsklarering: Tilsetjing skjer under føresetnad at søkjar blir tryggleiksklarert på nivå HEMMELEG. Les meir om tryggingsklarering på nettsidene til Nasjonalt tryggingsorgan.
Vi er opptekne av
Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Informasjon til deg som søkjer
Søknad med CV blir send elektronisk via link på denne sida.
DSs nyttar bakgrunnssjekk frå Semac i nokre av rekrutteringsprosessane våre. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke, og inneber bla at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.
Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt ekspedisjonssjef Christoffer Sandvik Engelsøy tlf. 40 05 99 66 eller e-post Christoffer-Sandvik.Engelsoy@dfd.dep.no. Ved spørsmål om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rådgivar i DSS Tale Fredriksen på tlf. 90 84 37 73 eller e-post Tale.Fredriksen@dss.dep.no.