Drift/teknisk divisjon/ Teknisk avdeling, Helse Bergen HF
Teknisk avdeling har ansvar for drift, service og vedlikehald av ikkje-medisinsk utstyr, infrastruktur og føretaket sin bygningsmasse på om lag 500.000 m2. Avdelinga har 145 tilsette, eit bruttobudsjett på om lag 350 millionar kroner. Avdelinga er delt inn i to einingar – Byggteknisk- og Eigedomseining og seks seksjonar; Elektro, HMS&Kvalitet, Transportteknisk, Sterilteknikk, Teknisk Voss og Teknisk rus & Psykiatri. Avdelinga har og ansvar for ei prosjektportefølje på+/- 60 millionar kroner i vedlikehalds-investeringar.
I tillegg til drift og vedlikehald av bygningar, har avdelinga ansvar for strømforsyning, oppvarming og kjøling, ventilasjon, vatn og avlaup, heisar og rulletrappar, røyrpost, automatiske transportanlegg og utvendige parkområde- og vegar. Teknisk avdeling har også drifts- og vedlikehald for produksjonsutstyr som autoklavar, dekontaminatorar, steriliseringsmaskinar, instrumentvaskemaskinar; kjøkkenbuffétar, anlegg for medisinske gassar og medisinsk trykkluft; vatnreinsing /dialyse, fryserom og kjemikaliereinsing.
Om stillinga
Vi søker ein engasjert, fagansvarleg og strategisk sterk seksjonsleiar for elektro som vil vere med å forme framtidas tekniske løysingar. Som seksjonsleiar vil du ha det Operative overordna ansvaret for leiing, fagleg utvikling og ressursstyring innan elektroområdet. Du vil inngå i avdelingas leiargruppe og bidra til å realisere våre mål innan bærekraft, innovasjon og kvalitet. Stillinga rapporterer til Teknisk Sjef.
Du vil inngå i eit tett samarbeid med øvrige tekniske seksjonar, der tverrfagleg samhandling er ein viktig suksessfaktor. Seksjonen har ansvar for alle elektroinstallasjonar, fordelt over ein variert og kompleks bygningsmasse. Dette er ein unik moglegheit til å bli ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og spennande utfordringar i stor skala.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle seksjonen for elektro
- Personalansvar for ingeniørar, teknikarar og elektrikarar
- Budsjett- og resultatansvar
- Sikre høg kvalitet i leveransar og prosjekt
- Bidra til tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
- Representere seksjonen i interne og eksterne fora
- Fagleg støtte ifb med DSB Revisjonar og DLE kontrollar
- Operativt ansvar for Internkontroll [HT1] av elektroanlegga, med påfølgande dokumentasjon
- Løpande sikre nødvendig dokumentasjon i alle Helse Bergen sine system iht. gjeldande lover og reglar
- Beslutningsmyndigheit innanfor seksjonens fagområde
- Samarbeide med andre avdelingar, tillitsvalde og verneteneste
- Delta i tenestestadens leiargruppe
- Operativ ansvar for drift og vedlikehald, internkontroll av dokumentasjon for at anlegga er forsvarleg vedlikehaldt
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelor- eller masternivå innan elektro
- God leiarerfaring
- God forståing for prosjektarbeid
- Erfaring med offentlege anskaffingar og relevante føresegner (t.d. NEK 400, FSE)
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå tilsvarande arbeid er sjølvsagt ein fordel. Du må vere godt oppdatert innan gjeldande lover og føresegner for fagområdet
- Erfaring med fagrelaterte program som Febdoc og andre relevante programvarer
Personlege eigenskapar
- Strukturert og målretta
- Gode samarbeidsevner og evne til å motivere
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og utvikling av medarbeidarar
- Initiativrik og løysingsorientert
- Evne til å sjå heilskap og tenke strategisk
- Skape synergier på tvers av seksjonar
- Evne til å jobbe strukturert, målretta og med stor grad av sjølvstende
- Erfaring med teamutvikling og kompetansebygging
- Personlege eigenskapar som er godt eigna for avdelingas behov og arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande leiarrolle i eit fagleg sterkt miljø
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Konkurransedyktige vilkår
- Unik arbeidsplass
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Simon Anthony Clausen Jeeves, Avdelingssjef, 97500336
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4996816776
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.08.2025