
Felles eining for etterretning/førebygging/etterforsking, Møre og Romsdal politidistrikt
Ønskjer du å jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag, og drivast av å leie og utvikle eit godt tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse? Då kan dette vere stillinga for deg!
Som leiar for Statens Barnehus Ålesund har du ansvaret for drifta av barnehuset, herunder ansvar for personell og resultat. Du vil også ha eit overordna ansvar for koordinering av dei faglege områda og tjenestene til barnehuset internt og eksternt.
Barnehuset er for barn og ungdom når det er mistanke om at dei kan ha vore utsett for eller vore vitne til vald eller seksuelle overgrep og det er sett i verk etterforsking. Tilbudet er også for vaksne med utviklingshemming eller vaksne som er særleg sårbare, samt ungdom som kan ha vore utsett for tvangsekteskap eller kjønnslemlesting. I tillegg kan politiet gjere avhøyr av unge mistenkte ved barnehuset.
Barnehuset er breitt samansett av rådgivarar med ulik barnefagleg spisskompetanse samt psykologar og merkantile. Det er tett samarbeid med påtalejuristar og etterforskarar då barnehuset skal tilrettelegge for avhøyr og rettsmedisinske undersøkingar.
I 2025 blir det oppretta ei underavdeling av barnehuset i Kristiansund. Det vil derfor vere eit spennande år i vente med ny lokasjon, fire nye medarbeidarar og utvikling av drifta i samhandling med andre aktørar.
Stillinga som leiar er stadsplassert i Ålesund. Reiseverksemd må påreknast.
Statens Barnehus Ålesund er organisert som ein seksjon under Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) i Møre og Romsdal politidistrikt. Du vil delta i leiargruppa i FEFE og får bidra til heilskapleg og framtidsretta leiing og utvikling av politiet sitt oppdrag.
Arbeidsoppgåver
- Fag- og personalansvar for Seksjon for Statens Barnehus Ålesund
- Koordinere og samarbeide med andre verksemder i heile regionen og nasjonalt
- Koordinere, implementere og følgje opp tiltak knytt til fagutvikling og operasjonalisering av gjeldande standardar innanfor områder for barnehus og politi
- Representere barnehuset eksternt og internt
- Bidra til oppfølgjing av arbeid med helse, miljø og tryggleik ved seksjonen
- Delta i leiargruppa i FEFE, bidra aktivt til heilskapleg og framtidsretta leiing og utvikling av politiet sitt oppdrag
- Delta i andre fagfora som kan bidra til utvikling av Statens Barnehus
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Høgskule/universitetsutdanning på minimum bachelornivå innanfor helse- og sosialfag, barnevern, politi eller andre relevante fag
- Relevant leiarerfaring
- Relevant arbeidserfaring frå minst eit av følgjande fagfelt: Psykisk helsevern for barn og unge, familievern, førebyggande helsearbeid blant barn og unge, barnevern eller politi
- Erfaring med å leie tverrfagleg samhandling
- Kunnskapar om helse, miljø og tryggleik
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, samt gode engelskkunnskapar
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Leiarutdanning
- Vidareutdanning innanfor relevante fagområde
- Erfaring med målgruppa samt kompetanse innan vold og seksuelle overgrep
- Erfaring frå fleirkulturelt arbeid
- Erfaring frå arbeid med barn eller voksne med psykisk utviklingshemming
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til å leie og skape eit tverrfagleg miljø samt bidra til fagutvikling innanfor feltet
- Evne til å setje retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre
- God evne til kommunikasjon og relasjonsbygging internt/eksternt
- Medarbeidarorientert og god evne til å støtte og utvikle medarbeidarar
Som medarbeider i politiet kjenneteiknast du av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med medarbeiderplattformen vår. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Personlege eigenskapar er vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande, spennande og utviklande stilling for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som seksjonssjef, stillingskode 1211, frå kr. frå kr. 780 000 til kr. 840 000 brutto per år
- For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering vurderast
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Linn Breivik Erstad, Fung. driftseiningsleiar, +47 92813729
Arbeidsstad
Parkgata 3A
6003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt
Referansenr.: 4941766829
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 21.04.2025