
Medisinsk avdeling Stord sjukehus
Vil du spesialisere deg i generell indremedisin? Vi har ledig vikariat 18.08.25–31.08.26!
Ved medisinsk avdeling på Stord sjukehus har vi 9 LIS 2/3-stillingar, med ei todeling av vaktdøgnet som gjer at du slepp å arbeide heile døgnvakter. Vi legg godt til rette for at du skal kunne gjennomføre alle anbefalte kurs for di spesialisering innan normert tid. Det er faste fordjupingsdagar integrert i den rullerande vaktplanen.
Som LIS 2/3 hos oss deltek du i vaktarbeid på akuttmottaket, i postarbeid og på poliklinikk. Du får høve til å ta mykje ansvar, samtidig som du får tett oppfølging av våre erfarne overlegar innan indremedisin, lungemedisin, gastroenterologi, nefrologi og kardiologi.
Hos oss får du oppfylt mange av læringsmåla innan indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi. Vi har eit samarbeid med Helse Bergen som gjer det mogleg å fullføre spesialiseringa di der. Om ønskjeleg kan vi også leggje til rette for at du fullfører spesialiseringa ved eit anna sjukehus.
- Utdanningsplan for spesialiseringa finn du ved å klikke på teksten.
- Her kan du lese meir om korleis det er å jobbe ved Stord sjukehus og bu i Sunnhordland
Fastlegar med behov for sjukehusteneste (ALIS) er òg hjarteleg velkomne til oss!
👉 Søk i dag – aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande!
Kva går jobben ut på?
- Dagleg oppfølging av pasienten i nært samarbeid med eit fleirfagleg behandlingsteam
- Samarbeid internt med andre faggrupper
- Journalarbeid
- Vaktarbeid
- Postarbeid
- Poliklinikk
- Internundervisning
- Delta i utgreiing og behandling
Kva kompetanse er viktig i denne jobben?
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent LIS 1 innan startdato er eit krav for å bli vurdert til stillinga
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
- Grunnleggjande IKT-kompetanse
- Kunnskap om EPJ og andre fagsystem
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er ansvarsbevisst
- er engasjert
- har gode datakunnskapar
Kvifor velje oss?
- 9-delt vaktordning med todeling av vaktdøgnet. Aktiv vakt tilstade på sjukehuset. Erfarne overlegar i bakvakt og tilstade i samsvar med vaktplan på kveld og helg
- Rekrutterings- og stabiliseringstillegg
- Regelmessig internundervisning
- Høgt fagleg nivå
- Godt arbeidsmiljø
- Medlemskap i landets kanskje beste pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Trude Digernes, Funksjonsleiar – gastro/slag generell sengepost, +47 53491110
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4948403926
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 18.08.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 17.04.2025