Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde
Har du eit brennande engasjement for Medisinsk mikrobiologi?
Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus har frå hausten 2025 ledig 100% fast stilling som lege i spesialisering, LIS3.
Tidspunkt for tiltreding etter avtale.
Mikrobiologisk avdeling er ei av 11 avdelingar i medisinsk klinikk. Avdelinga gjev laboratorietenester innan bakteriologi, serologi og molekylærbiologi til innbyggarane i Sogn og Fjordane. Vi mottek, analyserar og gjev ut svar på prøver til avdelingar i Helse Førde, samt eksterne legekontor og kommunale helseinstitusjonar.
Fag og teknologi utviklar seg raskt, spesielt innan molekylærbiologi. Her har fleire analyser vore etablert dei siste åra – og i 2025 vart laboratoriearealet til molekylærbiologi utvida. Avdelinga har fokus på kvalitet og er akkreditert etter standard for medisinske laboratorium NS-EN ISO 15189. Avdelinga har eit tverrfagleg miljø med 27 tilsette. Det er tett samarbeid mellom legar, bioingeniørar, molekylærbiologar, avdelingsingeniørar og sekretærar.
Avdelinga har regionalt samarbeid med dei mikrobiologiske avdelingane ved sjukehusa i Stavanger, Fonna og Bergen – som alle nyttar same labdatasystemet, Unilab700. Vidare er avdelinga også del av lokalt laboratorieprosjekt i Helse Førde, samt prosjektarbeid knytt til Nye Førde Sjukehus der ein jobbar med vidare modernisering innan bygg og instrumentpark.
Den utlyste stillinga gjeld for spesialiteten medisinsk mikrobiologi og gjev teneste som del av spesialiseringa i medisinsk mikrobiologi. Det er i tillegg krav om minimum 12 månadars mikrobiologisk teneste ved universitetssjukehus. I samarbeid med mikrobiologisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus, får LIS i Førde høve til å ta naudsynt teneste der.
LIS har i utgangspunktet dagtidsjobb måndag – fredag kl. 08:00 – 16:00. Deltaking i overlegane si vaktordning laurdagar og heilagdagar kan bli aktuelt ei stund ut i spesialiseringsløpet.
Arbeidsoppgåver
- LIS deltek i arbeidsoppgåver knytt til mikrobiologisk diagnostikk og godkjenning av prøvesvar
- Undervisning og rettleiing av andre tilsette ved mikrobiologisk avdeling samt rekvirentar
- Deltaking i kvalitets- og utviklingsarbeid ved avdelinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og godkjend turnusteneste/LIS1
- Røynsle med medisinsk mikrobiologi eller klinisk relevant teneste er fordel
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg. Søkjarar utanfor Skandinavia må kunne vise til dokumentasjon på dette.
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet og motivasjon for å vidareutvikle kompetansen
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Strukturert og målretta
- Tar aktivt ansvar for eiga læring – og får oppgåvene gjort.
- Positiv, arbeidsvillig og fleksibel
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Kompetente kollegaer i tverrfagleg miljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Rekrutteringstillegg
Kontaktinformasjon
Kristina Apalseth Kalland, Avdelingssjef, (+47) 959 23 340
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4753087272
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2025