Lege

  • Heltid
  • STOREBØ, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 22. april 2025

Vi søker

  • Spesialist i allmennmedisin eller ALIS lege med rett på ALIS tilskudd
  • Må ha førerkort klasse B
  • Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
  • Pliktig deltakelse i p.t. 7-delt legevakt
  • Personlege eigenskapar og lokal erfaring blir vektlagt
  • Inntil 20% andre offentlige oppgaver kan påreknast

Vi har to ledige vikariat:

  • 01.09.2025 – 31.08.2026
  • 01.09.2025 – 30.04.2026

VI ønsker ikkje førespurnader frå vikarbyrå, ver vennleg og respekter dette.

Om arbeidsstaden

Austevoll legesenter er eit kommunalt fastlegekontor i Austevoll kommune på Vestlandet. Legekontoret har til saman sju fastlegeheimlar og LIS-1 lege, helsesekretærar, sjukepleiere og primærhelseteam. Gode fasiliteter med tidsriktig utstyr inkludert ultralyd. Fastlegene betener også legevakt 24/7/365. 

Kommunen står for drifta kor du som lege får drive med fag i staden for administrasjon. Vi er oppteken av bærekraftige helsetenester kor våre fastlegar kan trivast i jobben over mange år og ha ein fleksibel kvardag med stor grad av autonomi.

Det er viktig for oss at våre legar har ein overkommeleg kvardag med god balanse mellom jobb og fritid. Det er godt tilrettelagt for dagpendling fra Bergen området, kan også tilrettelegges for ukependling ved behov. 

På Austevoll legesenter er vi oppteke av fagutvikling og innovasjon. Kommunen sine helsetenester er samlokalisert i moderne lokaler med gode fasilitetar. Det er ambulansebåt i kommunen. Vi jobber tverrfagleg og teambasert for å halde høg fagleg standard på våre tenester, og vi forsøker å løyse mest mogleg av pasientane sine helsebehov lokalt.

Vi tilbyr konkurransedyktig fastløn på dagtid og legevakt. Tilrettelagt ALIS spesialisering med dyktige rettleiarar. Legespesialistar får mogelegheit til å vidareutvikle karrieren med fag eller forsking etter ønske.

Vi har eit godt arbeidsmiljø med høy fokus på trivsel for våre tilsette.

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • spesialist i allmennmedisin,  eller kvalifisert til ALIS
  • Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førerkort klasse B
  • Plettfri vandel, politiattest kreves ved tilsetting

Personlege eigenskapar:

  • Du er triveleg og engasjert
  • Har gode kommunikasjons og samarbeidsevnar
  • Brenn for allmennmedisinfaget og pasientane
  • Du er løysingsorientert og pliktoppfyllande
  • Gode fagkunnskaper og ferdigheiter
  • Interesse for akuttmedisin

Vi tilbyr

  • Fastlønn på dagtid i tråd med lokal rammeavtale
  • Sjølvstendig næringsdrivande på legevakt, vaktklasse 1. Vaktbustad og legevaktbil er tilgjengeleg på legevakt. 
  • Rettleiar, supervisjon og tellande teneste for ALIS lege

Slik søker du på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.