Alver kommune
Om Knarvik legekontor, fastlegelistene og kva vi kan tilby:
Knarvik legekontor ligg i Knarvik, som er administrasjonssenter i Alver kommune. Det er gangavstand til kollektivknutepunkt og hurtigbåtforbindelse til Bergen sentrum (ca. 25 minutter). Køyretid med bil frå Bergen er omlag 30 minutt. Vi har parkering ved kontoret.
Ved Knarvik legekontor har det vore 4 fastlegar. Dei lengste listene er delt opp, og legekontoret planleggast no for 6 fastlegar. Vi søkjer derfor fastlegar for 3 lister på om lag 800 – 1000 pasientar. Listetaket kan avtalast nærare. Listene passer både for ALIS og for spesialist i allmennmedisin. Innkjøp i praksis vert organisert av Alver kommune, prisen er sett til kr. 380.000 pr heimel.
Knarvik legekontor er p.t. eit kontorfelleskap, planlagt med 6 fastlegeheimlar. Drifta er organisert som eit DA (delt ansvar) med 8.1 avtale. Legane får utbetalt basistilskot, og er arbeidsgjevar for dei tilsette ved forkontoret. Det er ein LIS 1 ved kontoret. Praksisen har tilsett fagleg flinke og erfarne hjelpepersonell, og er i gang med reorganisering og nytilsetjingar. Praksisen nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og har eiga servarløysing med Infodoc Sky. Lokala er gode og tenelege. Det er godt utstyrt laboratorium med spirometri, ekg og hurtigtestar. Hos oss får du dyktige kollega og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod. Er du nyutdanna vil du bli godt ivaretatt på kontoret.
For legar som ikkje er spesialist i allmennmedisin er det forventning om at legen inngår ALIS-avtale med kommunen. Alver kommune er registrert utdanningsverksemd og tilbyr forutsigbart utdanningsløp med rettleiing, supervisjon og læringsaktivitetar gjennom heile utdanningsløpet. Fleire av legane våre tar sideutdanninga ved Knarvik sjukeheim som er godkjent som spesialistinstitusjon. Her kan du som er nyutdanna lese meir om ALIS-løpet. ALIS-tilskudd – Allmennleger i spesialisering (ALIS)
Det er i utgangspunktet ikkje kommunal bistilling knytt til heimlane. Fastlegane inngår i legevaktordninga ved Nordhordland interkommunale legevakt som ligg lokalisert på Helsehuset i Knarvik, 2 minutt gange frå Knarvik legekontor. Vaktbelastninga for fastlegar er omlag 2 vakter i månaden på kveld, natt og helg, betalt etter eigen timesats i henhold til lokal særavtale. Vi har tilsett eigne legar ved Nordhordland legevakt på natt, og det er svært låg vaktbelastning på natt for fastlegane.
Vilkåra for fastlegeavtale går fram av sentralt avtaleverk, ASA 4310.
Alver kommune har vedtatt plan for legetenesta for 2023 – 2026. Du kan lese meir om den her: Plan for legetenesta i Alver kommune (framsikt.net). Kommunen har og ein generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin, godkjent i lokalt samarbeidsutval i 2024: Generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin – Alver kommune
Arbeidsoppgåver
- Arbeid som fastlege med ei godt opparbeidd og ivaretatt fastlegeliste
- Delta i gjensidig fråværsdekning ved kontoret
- Delta i interkommunal legevakt i Nordhordland på kveld, natt og helg. Estimert vaktbelastning er 2 vakter per måned.
På bilete ser du tilsette på forkontoret til Knarvik legekontor
Kvalifikasjonskrav
- Fullført LIS 1 ved oppstart
- Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
- Spesialist i allmennmedisin eller villig til å gjennomføre spesialistutdanning. Vi kan tilby ALIS avtale.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
Kven er du?
Vi søkjer etter lege som har gode samarbeidsevner og som bidrar i kollegafellesskapet. For oss er det viktig at du er ansvarleg, at du deltek og er ryddig i forhold til drift av legepraksisen. Du må og delta i ansvarsfordeling av oppgåver mellom legane som og inkluderer arbeidsgjeveransvar for tilsette på forkontoret.
Personlege eigenskaper vert lagt vekt på.