Stad Kyrkjelege Fellesråd
Vi har ledig eit vikariat som kyrkjetenar/reinhaldar i 70 % i Eid-, Heggjabygda og Stårheim kyrkje inkludert ansvar for reinhald ved servicebygga på Stokkenes- og Sambraut gravplass. Vikariatet varer frå 01.05 til 31.12.
Utdanning:
Det er ønskeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør, fagbrev innan sal, service og reiseliv, eller fagbrev innan bygg- og anleggsteknikk. Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan erstatte fagbrev.
Kvalifikasjonar:
o Du har interesse for gudstenestefellesskapet og kyrkjeleg aktivitet
o Du er ein god formidlar og snakkar godt norsk og gjerne andre språk
o Du kan samhandle godt med andre tilsette og menneske i alle aldrar
o Du arbeidar sjølvstendig og strukturert og likar praktiske gjeremål
Arbeidsoppgåver:
Kyrkjetenar skal sørgje for at kyrkja blir klargjord og rydda i samband med gudstenester og andre kyrkjelege handlingar samt nødvendig reinhald. Kyrkjetenaren ringjer med kyrkjeklokkene etter vedteke reglement, held kyrkja open og gjennomfører eventuell omvisning etter nærare instruks.
Løn:
Løn etter KA sin tariff.
Anna:
Det er krav om medlemsskap i Den norske kyrkja, men ein kan søkje fritak om ein er medlem i eit anna kyrkjesamfunn.