Ledig stilling som sekretær/assistent ved Bli god fysikalske

  • Deltid
  • BREMNES, NORGE
  • Publisert: 4 dager siden
  • 2. juni 2025

Kvardagsatleten Anna Aas Eriksen

Vår dyktige sekretær/assistent går av med pensjon i oktober, og vi er difor på jakt etter ein ny kollega som ønskjer å vere med og bidra til ein aktiv og trygg kvardag for pasientane ved instituttet.

Om oss
Vi er ein fysioterapiklinikk med fokus på aktivitet, bevegelse og heilskapleg oppfølging av pasientane våre. Hos oss møter du eit triveleg og fagleg arbeidsmiljø med høgt tempo, mykje kontakt med menneske og varierte arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Ta imot pasientar

  • Svare på telefon og organisere timebestilling.

  • Gi administrativ støtte til fysioterapeutane

  • Klargjering av gruppesal.

  • Dagleg reinhald og orden på instituttet.

Vi ser etter deg som

  • Er imøtekommande og likar å jobbe med menneske

  • Er sjølvdreven, strukturert og ryddig

  • Har gode samarbeidsevner og held hovudet kaldt i travle periodar

  • Har grunnleggande datakunnskap

  • Gjerne har erfaring frå liknande arbeid (ikkje eit krav)

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein triveleg og sosial arbeidsplass

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar

  • Gode moglegheiter for sjølvstendig arbeid og påverknad

  • Opplæring og støtte i oppstarten

  • Det vil vere ein prøveperiode før ansettelse.

Stillingstype : deltid 70 %
Oppstart : Oktober 2025 eller etter avtale
Arbeidsstad: Bli god fysikalske, Idrettsvegen 87, 5430 Bremnes

Send søknad og CV til anna_eriksen@hotmail.com og lmskimmeland@gmail.com innan 03.06.2025

Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt per SMS med Anna Aas Eriksen (90011922) og Linda Mari Skimmeland Kalvenes (99005033).

Jobbsted