Kviteseid Kommune Lundenjordet
Ved eining for funksjonshemma er fylgjande stilling ledig:
Assistent/helsefagarbeidar/vernepleiar 2 x fast helgestillingar med oppstart snarast
Den eine stillinga er på 21,40 % med arbeid i gjennomsnitt kvar 3. helg,
den andre stillinga er på 22,73 % med arbeid kvar 4.helg, begge i turnus 35 t/v.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar:
• Norsk autorisasjon som vernepleiar eller fagbrev som helsefagarbeidar, assistentar er også velkommene til å søkje
• Anna relevant utdanning/vidareutdanning ift menneske med utviklingshemming
• Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
• Ynskje om kompetanse i dataprogrammet PROFIL
• Førarkort kl B
Personlege eigenskapar:
• Evne til målretta og sjølvstendig arbeid
• Evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre
• Engasjert, løysingsorientert og fleksibel
• God norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver:
• Målretta miljøarbeid
• Yte bistand til kvar einskild ut i frå behov og vedtak
Vi tilbyr
Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med utviklingshemming. Lundenjordet stod ferdig i 1993. Bygget består av 11 bustader, 1 avlastningsbustad og eit fellesareal.
Lundenjordet ligg midt i Kviteseid med utsikt ned mot Sundkilen og i gangavstand til sentrum.