Ledig stilling:

  • Deltid
  • ETNE, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 11. august 2025

Etne kommune Miljøarbeidstenesta

Tenesta er for innbyggjarar med særskilde behov som t.d. utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm.

Me er lokalisert i eit forholdsvis nytt bygg med 5 bustader og to avlastningsbustader som er knytt til personalbasen. Me gir og miljøarbeidstenester til andre som bur i kommunen. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år.

Tenesta har ca 7 årsverk fordelt på vernepleiarar, pedagog, bachelor i sosiologi og ca. 17 årsverk med fagarbeidarkompetanse. Me har fokus på godt arbeidsmiljø, god kvalitet på tenestene, fagleg og personleg utvikling.
Me har langvakter kvar 4. helg og noko langvakter i vekene.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet er variert, med vekt på individuelt tilpassa tenester
  • Drive aktivt miljøarbeid
  • Primærkontakt oppgåver
  • Koordinator oppgåver
  • Samarbeid med pårørande, kollega og andre samarbeidspartnarar
  • Medikamenthåndtering
  • Dokumentasjon/sakshandsaming
  • Ha eit overordna ansvar for fagleg oppfølging rettleiing og opplæring av tilsette
  • Skape gode samarbeidsforhold

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisert Vernepleier
  • Sjukepleier med autorisasjon og relevant erfaring kan også søkja
  • Andre med relevant helsefag retta Bachelorutdanning kan bli vurdert
  • Norsk er arbeidspråk i Etne kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du både kan samarbeida med andre og utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Eigenskapar

  • Me leitar etter deg som er løysningsorientert
  • Som likar utfordringar
  • Positiv og fleksibel
  • Har gode samarbeid/ kommunikasjon evner
  • Personlege og skikka egenskaper vert sterkt vektlagt ved tilsetting
  • Brukarorientert
  • Opptatt av å gje gode tenester til bebuerane
  • God evne til etisk og fagleg refleksjon
  • Godt humør 
  • Fungera godt i team, men kan og jobba sjølvstendig
  • Ta imot rettleiing

Me tilbyr

  • Ein aktiv og variert kvardag
  • Fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Årsturnus
  • Eit godt arbeidsmiljø å trives i
  • Lønn blir fastsatt etter tariff og gjeldande avtaler
  • Pensjonsopptening i KLP

Annan informasjon

  •  Førerkort klasse B
  • Godkjent politiattest ved tilsetting

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted