Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.
Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri.
Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse. Og viss ei stilling som barne -og ungdomsarbeidar er aktuelt, har du all grunn til å lesa vidare
I denne stillinga vil du vere tilsett i Lærdal kommune, for tida på Borgund oppvekstsenter sin barnehagedel.
Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar:
- Fagbrev barne -og ungdomsarbeidar ev. assistent med erfaring frå oppvekstsektoren eller andre relevante utdanningar.
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Arbeidsoppgåver og arbeidstid:
- Dagleg stell av born
- Omsorgsarbeid
- 37,5 timar dagtid
Me tilbyr:
- Løn etter tariff (Løn)
- Trygge vilkår som offentleg tilsett (Vilkår)
- Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO i 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her