Ledig 80% fast stilling som spesialpedagog

  • Deltid
  • ETNE, NORGE
  • 21. desember 2025

Etne kommune Enge barnehage

Dei tilsette som jobbar som spesialpedagog i Etne kommune er tilknytta ei kommunal ressursgruppe. Gruppe består av tre spesialpedagogar som høyrer til under leiar i Enge barnehage.

Arbeidsoppgåver

Som spesialpedagog i Etne kommune er ein del av eit team. Det spesialpedagogiske teamet skal i samarbeid med barnehagane i Etne kommune, både kommunale og privat gje spesialpedagogisk støtte.
Arbeidet er delt mellom spesialpedagogisk hjelp etter vedtak, generell styrking og refleksjon og rettleiing inn mot personal i barnehagane. Noko av arbeidstida vil vera sett av til arbeid og felles møtetid.

Kvalifikasjonar

Det er krav om utdanning som barnehagelærar med minst 30 stp vidareutdanning i spesialpedagogikk retta mot arbeid i barnehage. I tillegg vil erfaring og røynsle frå tilsvarande arbeid bli vekt lagt. Det vert sett krav til at ein beherske både munnleg og skriftleg norsk, der Bergenstest er minste krav.

Eigenskapar

Gode samarbeidsevne og evne til å vera fleksibel og ta eige initiativ. I jobben som spesialpedagog må ein i tillegg til gode samarbeidsevne kunna arbeida sjølvstendig og ha evne til å byggja relasjonar.

Me tilbyr

Me tilbyr spennande og varierande arbeidsoppgåver. Samarbeid med barnehager som har god kompetanse. Eit godt arbeidsmiljø i teamet der felles refleksjon er viktige faktorar for arbeidet me gjer i barnehagane våre.

Annan informasjon

Oppvekst sektoren i Etne kommune jobbar mot felles mål.
Grenser + forventingar = God oppvekst

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted