Vang Kommune
🌟 Vil du bli Lærlingsjef for framtida i Vang? 🌟
Er du den som får folk til å møtast, bygge idéar og skape noko større enn seg sjølv? Har du lyst til å vere motoren bak ei heilt ny satsing som skal gjere Vang til den kulaste bygda å lære, leve og utvikle seg i? Då er dette jobben for deg!
Om Futurizing Vang
Vi er eit framtidsretta prosjekt som vil løfte Vang til nye høgder – som føregangsbygd for lærlingar, rekruttering og samfunnsutvikling. Her skal unge få sjansen til å vokse, lære og bidra – i tett kontakt med både natur, næringsliv og fellesskap.
Di rolle – Lærlingsjef
Du skal leie prosjektet, drive det framover og vere limet som held alt saman. Kort sagt: sjefen som gjer at ting faktisk skjer!
🤝 70-80 % stilling i perioda, etter kva du sjølv ynskjer.
📅 Tiltreding er så raskt som mogleg og fram til 30. juni 2026, med eventuell moglegheit for forlenging.
👉 Klar til å ta styringa? Søk no – og bli lærlingsjef for framtida i Vang!
Oppgåver du får bryne deg pår
- Bygge bruer mellom kommune, bedrifter, skule og frivillige
- Lage eit miljø der lærlingar trivst – både på jobb og på fritida
- Synleggjere Vang som ein attraktiv lærlingstad gjennom kommunikasjon og marknadsføring
- Styre framdrift, budsjett og rapportering
- Starte og drive prosjekt som gjer bygda meir berekraftig og framtidsretta
Vi treng ein som:
- Er engasjert, motiverande og får andre med deg
- Er flink til å bygge relasjonar og knyte folk saman
- Har orden og struktur, men òg nok kreativitet til å sjå nye løysingar
- Har arbeidserfaring
- Har erfaring frå samarbeid på tvers
- Har førarkort klasse B og bil til disposisjon
- Kjenner til bygda og bedriftene her
- Minimum har vidaregåande utdanning
Vi tilbyr deg:
- Løn etter tariff, og arbeidsvillkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på ordinære villkår som til eikvar tid gjeld i kommunal sektor
🏠 Kommunalt tilsetjing og kontorplass på Vang kommunehus
🚀 Ei nøkkelrolle i eit prosjekt som set Vang på kartet
🌍 Moglegheita til å påverke framtida for unge, næringsliv og lokalsamfunn
🤝 Eit breitt nettverk i og utanfor kommunen
🕶 Fleksibilitet, konkurransedyktige vilkår – og masse rom for å vere kreativ
Kontaktinformasjon
Joanke Tito, Rådgjevar Helse og omsorg, 95404279, Joanke.Tito@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 5024142759
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Søknadsfrist: 19.10.2025