Haram kommune
Haram kommune har ledige stillingar som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Det er ikkje avgjort kor læreplassane blir enno, men søkarar kan gjerne skrive i søknaden kor dei primært ønsker læreplass.
Læreplassane er i t.d. barnehagar, skule og SFO.
Vi søkjer deg som er lærevillig, engasjert og interessert i faget. Er du i tillegg påliteleg og har godt humør, vil vi gjerne høyre frå deg!
I søknaden ber vi deg gi opp følgjande informasjon: referanse frå lærar vg2 + kontaktinfo til lærar, kopi av karakterprotokoll frå vg1,og kopi av karakterprotokoll frå 1.termin – vg2.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.
Oppstart etter avtale. Vi ser fram til å motta søknad frå deg!
Arbeidsoppgåver
Barne- og ungdomsarbeidaren legg til rette og vel formålstenlege pedagogiske metodar i arbeid med barn og unge i alderen 0 – 18 år
Sentrale arbeidsområde er:
- planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
- legge til rette for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den einskilde sitt funksjonsnivå og livssituasjon
- bruk av forming, song, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeidet
- kommunikasjon med menneske med ulik kulturell bakgrunn, livssyn og sosial status
- samarbeid med barn og unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- grensesetting, konfl iktløysing og å vere ein tydeleg vaksen
- dokumentere opplæringa i olkweb
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått vg1 Helse- og oppvekstfag
- Fullført og bestått vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
- Legge fram politiattest ved tilsetjing
- Løyve til å bu og arbeida i Noreg
Personlege eigenskapar
- Interessert i å jobbe med barn og unge
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Positiv, engasjert og omsorgsfull
- Lærevillig og initiativrik
- Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Lærekontrakt og arbeidsavtale i tråd med Opplæringslov og Arbeidsmiljølov
- Opplæring og faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
- Lønn i tråd med hovudtariffavtale. Ein lærling har ei fagarbeidarlønn fordelt på 2 år
- Varierte arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande læreplan og arbeidsinstruks
- Fagleg rettleiing av godkjende faglege leiarar og erfarne instruktørar
- Oppfølging, kurs og samlingar gjennom opplæringskontora
Kontaktinformasjon
Marit Volstad, Dagleg leiar, fleirfagleg opplæringskontor Sunnmøre og Romsdal, 907 97 267, marit.volstad@naaopp.no
Kristin Bryn Westre, Rådgjevar, 95077397, kristin.bryn.westre@haram.kommune.no
Karianne Aamås Beite, HR Rådgivar, 95724619, karianne.aamas.beite@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 40
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5008234319
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 10.09.2025