Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Skjåk kommune har ledig 100 % fast lærarstilling frå januar 2026. I tillegg søkjer vi lærar til eit vikariat same året, og det kan òg bli aktuelt med andre stillingsprosentar.
Skjåk barne- og ungdomsskule ligg i Bismo sentrum, har 197 elevar frå 1.–10. trinn og vart opna i 2018. Skulen er ein MOT-skule som legg vekt på tidleg innsats, fagleg og sosial læring i eit inkluderande skulemiljø og utvikling av profesjonelle læringsfelleskap.
Om stillingane
Det er ledig 100 % fast stilling som lærar frå 01.01.2026 og vikariat i inntil 100 % frå 01.01.2026 — 01.01.2027. Det kan i tillegg bli andre stillingsprosentar ledige.
-
Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt.
-
Ansvar for ITO kan vere aktuelt.
-
Oppstart etter avtale.
Ønskja kvalifikasjonar
- Utdanning som lærar 1.–7. klasse, 5.–10. klasse eller allmennlærarutdanning.
Personlege eigenskapar
-
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
-
Takle varierte arbeidsdagar.
-
Evne til å opptre roleg og bestemt.
-
Kunne sjå barn/ungdom sine behov og bidra til trygge læringssituasjonar.
-
Evna til å planleggje for fagleg og sosial læring i eit fellesskap.
-
Lojal, ansvarsfull og inkluderande.
-
Kan stille seg bak skulen sin visjon: <<Robust og positiv>>
-
Kunne bidra med: God stemning — bakgrunnsforståing i møte med barn — praktisere tøff kjærleik.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr deg
-
Gode utviklingsmolegheiter både individuelt og som del av eit profesjonsfellesskap.
-
Ein variert arbeidsdag der du kan gjere ein forskjell for læring og utvikling hjå barn.
-
Tverrfagleg samansett personalgruppe med høg fagleg kompetanse og engasjement som hjelper og støttar kvarandre.
-
Løns- og arbeidsvilkår som er fastsett i lov- og avtaleverk.
Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje. Den som vert tilsett må leggje fram godkjent politiattest, og kopi av vitnemål og attestar skal vere med til intervju.
Ønskjer du fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med rektor Sjur Arne Lindby på tlf: 92289139 .
Søknadsfrist 11. oktober 2025
-
Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjortKommunedirektøren
Kommunedirektøren