Lærarstillingar i vakre Austevoll

Om stillinga

Vi søkjer etter positive lærarar som er klare til å bidra med utvikling til beste for elevar, kollegaer og seg sjølve! Vi har ledige 10 lærarstillingar ved skulane våre i kommunen og treng deg som er lærarutdanna!

Vi har 3 skular som ligg i flotte område med kort veg til mange opplevingar for barna og ungdommane våre. Vi har eit fantastisk svømmeanlegg, moderne idrettsanlegg og kort veg til sjø!

Visste du at du kan få redusert utdanningsgjeld i tråd med regjeringa sitt statsbudsjett for 2025 – ein fantastisk moglegheit for deg som ønskjer å bu og arbeide her!

Tilsette som ønskjer å pendle til Austevoll har gratis ferje og kort veg til arbeidsplassen!

Austevoll ungdomsskule er ein MOT -skule og deltar i tilleggsprogrammet "Skulen som samfunnsbyggar" og ligg tett inntil idrettsanlegget vårt. Storebø skule  og Selbjørn skule er barneskular som er med i Trivselsleiar-programmet. Storebø skule ligg sentralt på kommunesenteret på Storebø med kort veg til ferje og Selbjørn skule ligg i flotte Bekkjarvik. Begge barneskulane er tett på sjø og brukar naturen i undervisninga.

Oppvekstsektoren har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire viktige satsingsområde. 

Er du klar for å ta steget? 

Kontakt oss for meir informasjon om jobben og korleis vi utvikle di karriere saman med oss eller søk på stilling. I søknaden ber vi deg skriva kva skule du helst vil arbeide ved.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning 
  • Kontaktlærar 
  • Faglæraroppgåver 
  • Arbeide i team med pedagogar og fagarbeidarar 
  • Følge opp elevar med særskilte behov 
  • Delta og engasjere seg i heile skulens arbeid og utvikling 
  • Bidra til å skape eit godt skulemiljø

Ønska kvalifikasjonar

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Grunnskulelærar GLU1-7 med spes.ped, GLU 5-10 eller anna godkjent utdanning for undervisning i grunnskulen
  • Ha utdanning innanfor basisfaga engelsk, matematikk, naturfag, mat og helse, kunst og handverk, arbeidslivsfag,  kroppsøving 
  • Ønskjeleg med undervisningserfaring, men nyutdanna  er velkommen som søkjarar 
  • Internasjonale gradar må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

 

Personlege eigenskapar 

  • Vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere 
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, pedagogisk engasjement og evne til nytenking 
  • Vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kan bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy

Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å tilsette i midlertidig stilling i eit år.

Vi kan tilby

  • Moglegheit for kompetanseutvikling og fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spennande utfordringar i utviklingsorienterte skular
  • Løn etter avtaleverket, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr. pr år, kontaktlærartillegget er kr 32 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med flinke og samarbeidsvillige kollegaer

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted