Lærarstilling ved Samnanger ungdomsskule

  • Heltid
  • TYSSE, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 13. april 2025

Om stillinga

Samnanger ungdomsskule har ledig fleire vikariat i 100 % stilling for skuleåret 2025/2026. Det er mogleg at stillinga-(ne) kan verte faste. 

Fagønske: alle fag er aktuelle, me treng ma. lærare som har undervisningskompetanse i språk – gjerne tysk.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag
  • Kontaktlærar, kan verte aktuelt
  • Samarbeid med kollegaer og føresette
  • Aktiv deltaking i skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid
  • Ansvar for å følgje opp kvar einskild elev, kvart trinn og heile skulemiljøet
  • Legge til rette for god tilpassing av undervisning slik at kvar einskild elev får godt utbyte av opplæringa

Kvalifikasjonar

Krav

  • Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet
  • Politiattest. jfr. opplæringslova § 10-9
  • God nynorsk framstilling, munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse
  • Gode samarbeidsevner

Ønskjer

  • Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson
  • Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
  • Du har ei praktisk tilnærming til fag og undervisning
  • Du samarbeider og kommuniserer godt

Personlege eigenskapar

  • Du har fokus på eleven sitt beste
  • Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega
  • Du er god på å skapa gode relasjonar
  • Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
  • Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med allsidige oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar 

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i undervisningsstilling i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i SPK si pensjonsordning. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon og etterlattepensjon.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

Om oss

Samnanger ungdomsskule er ein MOT-skule med omlag 100 elevar. Skulen har nydeleg utsikt og kort veg ut i naturen. Me har fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål. Me ynskje å sjå engasjerte elevar og kollegaer i praksis. Skulen vår er i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trivst på arbeidsplassen sin.

Nøkkelord: Tett samarbeid heim-skule, vår skule, våre elevar

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted