Lærar ved Sæbø skule

  • Heltid
  • SÆBØ, NORGE
  • 3. januar 2026

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune

I Ørsta kommune har vi ledig eit 100 % vikariat som lærar ved Sæbø skule frå 01.02.2026 og ut skuleåret 2025/2026. 

Sæbø skule er ein 1-7 skule med SFO. Det er omlag 90 elevar på skulen og ca. 20 tilsette samla i skule og SFO.

Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar, og du forpliktar deg til å jobbe i samsvar med desse:
Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Arbeidsoppgåver

  • Ta del i Ørsta kommune sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø der elevane si fysiske og psykisk helse står i sentrum
  • Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning. Det kan ligge kontaktlæraroppgåver til vikariatet
  • Arbeide systematisk og målretta med grunnleggjande ferdigheiter, i alle fag
  • Tett samarbeid med born og føresette
  • Delta i nettverksarbeid og skuleutvikling, på kvar einskild skule og mellom skulane i kommunen

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter grunnskulelærarar
  • Lærarar med godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse (PPU) kan verte vurderte
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. I Ørstaskulen nyttar vi nynorsk som målform og kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • Har høg relasjonskompetanse
  • Er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
  • Bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
  • Er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
  • Kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
  • Har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysningsorientert
  • Kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team
  • Har profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). I dette legg vi evne til å tileigne seg kunnskapar om og bruke pedagogiske programvare og andre digitale verkty, og korleis bruke desse til det beste for elevane si læring. I Ørstaskulen disponerer alle lærarar og elevar Chromebooks og Google Workspace for Education som hovudverkty

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og eit stimulerande arbeidsmiljø der elevane si læring og utvikling står i sentrum
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkluderer frivillig ulykkesforsikring på fritida.
    Som lærar blir du medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP: Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, dine nærmaste blir sikra økonomisk når du døyr, og du får gode vilkår på bustadlån.

Arbeidsvilkår:
Stillinga er plassert i kap. 4 gr. 2
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Hallgeir Aam, Rektor, 97 51 11 25, hallgeir.aam@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Skuleplassen 7
6165 Sæbø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5055447299
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted