Lærar i norsk

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 3. august 2025

Ålesund videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søkjer ein engasjert og dyktig lærar til undervisning i norsk og eventuelt andre undervisningsfag ved Ålesund videregående skole. Dette er ei 100 % stilling, av denne er 80 % fast og 20 % vikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i norsk, eventuelt norsk i kombinasjon med andre undervisningsfag
  • Pedagogisk utviklingsarbeid og fagsamarbeid
  • Aktiv deltaking i profesjonsfellesskapet ved skolen

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har lærar-/lektorutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning med formell undervisningskompetanse (minimum 60 studiepoeng) i norsk. Det er ein fordel om du òg har kompetanse i andre undervisningsfag. Vidare vil det vere ein styrke om du har mastergrad i norsk eller nordisk, men vi vil leggje stor vekt på erfaring og personlege eigenskapar. Fagkombinasjonen kan bli avgjerande for kven som blir tilsett.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som har eit positivt elevsyn, god relasjonskompetanse og kan vere ein trygg og tydeleg vaksenperson for elevane våre. Du må ha gode samarbeidsevner og vere aktivt deltakande i skulen sitt profesjonsfellesskap.

Vi tilbyr

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Ein arbeidsplass kjenneteikna av høg kvalitet og profesjonalitet
  • Eit stort fagmiljø med ein utviklingsorientert norskseksjon
  • Eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter tariff

Kontaktinformasjon

Lisa Fiskerstrand, Avdelingsleiar Norsk

Arbeidsstad

Gangstøvikvegen 27
6009 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4989814997
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted