Øystre Slidre kommune
Øystre Slidre kulturskule søkjer lærar til å undervise i messingblås frå 01.09.2025. Stillinga er eit eittårig engasjement, knytt til eit prøveprosjekt vi har i samarbeid med skulekorpset, fram til 31.07.2026. I engasjementet ligg høve for omgjering til fast tilsetting frå skuleåret 26/27, dersom tilbodet vert vidareført etter endt prosjektperiode.
Stillingsstorleiken er per i dag på 6,84%. Stillinga kan bli auka ved inntak av nye elevar i løpet av skuleåret 2025/26.
Øystre Slidre kulturskule har om lag 120 elevar på 150 elevplassar, og tilbyr eit rikt opplæringstilbod i musikk, hallingdans, teater og kunstfag.
Kulturskulen samarbeider med grunnskulane på Lidar og Rogne om korps i skulen. Gjennom dette prøveprosjektet tilbyr vi undervisning til medlem av skulekorpset på slagverk og blåseinstrument. Dette engasjemetet omfattar primært individuell undervisning av elevar på kornett, trompet og baryton, men andre messinginstrument kan og vere aktuelle.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga består i hovudsak av planlegging og gjennomføring av undervisning for born og unge, individuelt eller i grupper.
- Førebu og støtte elevar i samspel og ved framsyningar, konsertar og andre arrangement
- Ta del i- og gjennomføre felles prosjekt og konsertar i kulturskulen
- Ta del i møter i kulturskuleregi
- Bidra til rekrutteringsarbeid og utvikling av kulturskulen
- Samarbeid med kulturaktørar utanfor kulturskulen, m.a. skulekorpset og musikkorpset
- Hovudarbeidstid er ettermiddag/kveld
Kvalifikasjonar
- Lærarutdanning og/eller erfaring innan musikk og undervisning
- God fagleg og erfaringsbasert kompetanse frå undervisning individuelt og i grupper
- God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg
- God kunnskap om- og speleferdigheiter på dei aktuelle instrumenta
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evnar å skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- Evnar å utvikle kulturskulen sitt arbeid med tradisjonsfaga og å sjå ulike løysingar
- Har god samarbeidsevne
- Utstrålar glede og tryggheit
- Evnar å arbeide sjølvstendig, og er pliktoppfyllande og påliteleg
Vi tilbyr
- Eit godt og kreativt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Øystein Skattebu, Kulturskulerektor og avdelingsleiar ung kultur, +47 41222840
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 4977486820
Stillingsprosent: 6,84%
Engasjement
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 19.06.2025