Sunndal vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune
Skulen har ledig 100% fast tilsetjing i programfaget elektrofag.
Vi søker etter deg som ønsker å gi elevane ei opplæring med utgangspunkt i yrkesønska til elevane og gjennom eit tett samarbeid med arbeidslivet. Du ønsker å vere ein god rollemodell og vil fremme interessa for yrka innanfor dette utdanningsprogrammet. Gjennom motivasjonen og engasjementet ditt oppnår elevane lærelyst og eit ønske om å bli lærling.
Arbeidsoppgåver
– undervisning i Elektro og datateknologi på vg1 og vg2 Elenergi og ekom
– jobbe i team
– anna elevretta arbeid
– aktivt samarbeid med lokalt næringsliv
Kvalifikasjonar
– relevant fagbakgrunn, men søkarar utan godkjent pedagogisk utdanning oppfordres også til å søke.
– god rollemodell for våre kommande fagarbeidar
– kvinner blir oppmoda til å søke
– fagbrev hovedsakleg innanfor elektro-faga, men også andre fagretningar kan vere aktuelle
– fagskole eller ingeniørutdanning og PPU, eller yrkesfaglærerutdanning er ønskeleg
– god digital kompetanse og digital omstillingsevne
– god muntleg- og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
– har vilje til å bygge gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette
– ser elevane og evnene deira og tilpassar undervisninga til den enkelte
– ein tydeleg klasseleiar, og evner å skape eit trygt og godt læringsmiljø
– er opptatt av elevmedverknad
– er løysingsorientert og fleksibel
Vi tilbyr
– ein skule der du trivst dersom du liker å ha innverknad, ønsker å påverke læringsarbeidet i
konstruktiv retning og verdset kollegaer med tydelege meiningar
– godt sosialt miljø
– ein skule der alle jobbar saman for å definere mål og for å nå dei
– ein skule som bruker arbeidslivet i opplæring, og gir elevane ein inngangsport til arbeid
– lønns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk
– gode pensjonsvilkår
Kontaktinformasjon
Øystein Bråthen, Rektor, +47 41615642
Arbeidsstad
Skolevegen 14
6600 Sunndalsøra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5023424246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 23.10.2025