Lærar – 170% vikariat

Aure barneskule, Sykkylven kommune

Vi søkjer to dyktige og engasjerte lærarar som ønskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Vi har behov for 170% vikar fordelt på to undervisningssstillingar for skuleåret 2025-2026. Ei 100% undervisningsstilling som kontaktlærar i småskulen og ei 70% undervisningsstilling som faglærar i Kunst og handverk. 

Aure barneskule er ein ny flott skule som opna dørene hausten 2023, og er sentralt plassert i sentrumsområdet i Sykkylven.  
Skulen er ein 1-7 skule med 20 klasser og 3 parallellar. I tillegg har vi ein stor SFO med om lag 140 elevar. Skulen har ei ressursavdeling med helsesjukepleiarar, PPT, logopedar, fysioterapeut og ergoterapeut, og er samlokalisert med Sykkylven kulturskule og Aure idrettshall. Skulen har vidare eiga avdeling for Kunst og handverk, med godt utstyrte rom for sløyd, tekstil og keramikk. 

Undervisninga er organisert i eit to-lærarsystem i basisfaga, norsk, matematikk og engelsk, på alle trinn. Det inneber at det er to faglærarar i dei fleste undervisningstimane i desse faga. Skulen har fokus på inkludering og tidleg innsats, og deltek i den nasjonale satsinga Tid for lesing

Har du lyst på ein spennande jobb, der du tek del i den viktige og kjekke jobben som samfunns- og relasjonsbyggar saman med dyktige og erfarne kollegaer?   Søk då vel!

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av god og variert undervisning i tett samarbeid med andre 
  • Arbeide for å skape eit trygt og godt skulemiljø
  • Bidra til godt samarbeid med heimen og andre aktørar i skulen
  • I det utlyste vikariatet på 100%, må kontaktlæraransvar påreknast

Kvalifikasjonar

100% stilling som kontaktlærar: Grunnskule-/ allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning som kan dekke dei fleste av grunnskulen sine fag, og som oppfyller krav for tilsetting og undervisning. Søkarar med grunnskulelærarutdanning 1-7 vil bli prioritert. 

70% stilling som faglærar i Kunst og handverk. Søkarar må ha pedagogisk kompetanse og relevant utdanning i Kunst- og handverkfaget. 

I begge stillingane gjeld krav om :

  • Erfaring frå undervisning på barnetrinnet
  • God IKT kompetanse
  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg, og nynorsk skriftleg
  • Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9
  • Erfaring med bruk av Skolestudio og Visma sine skulesystem er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ha eit varmt og positivt menneske- og læringssyn
  • God på relasjonsbygging, trivast saman med barn, og kunne vere ein aktiv del av laget rundt eleven
  • Glad i å samarbeide, kunne ta initiativ og like å delta i utviklinga av eit godt profesjonsfellesskap
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Kunne bidra positivt i arbeidsmiljøet

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk/tariff

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Kjersti Hovet, Einingsleiar, 92029381, kjersti.hovet@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 47
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4954201151
Stillingsprosent: 100, 70%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 27.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted