Florø barneskole
Florø Barneskole har ledig eit vikariat (100%) som lærar frå: snarast – 31.07.26. Personar med bakgrunn som miljøarbeidarar er og velkomne til å søke.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på 1.-4. trinn, kontaktlæraransvar etter avtale. Eventuell søkar med bakgrunn som miljøarbeidar, vil jobbe tett opp mot enkeltelev.
Kvalifikasjonar
Undervisningskompetanse for undervisning i 1.-4. klasse/1.-10.klasse/1.-7. klasse. Bakgrunn som miljøarbeidar vil bli vurdert.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg som trivast blant både små og store, som har godt humør og engasjement. Du set barnet i fokus. Du er allsidig og fleksibel. Du kvir deg ikkje for å ta på deg ansvarsoppgåver for fellesskapen. Du er nysgjerrig, utprøvande og oppteken av di eiga læring og utvikling. Du er ein varm og tydeleg klasseleiar og kommuniserer godt med barn, foreldre og kollegaer.
Om du har bakgrunn som miljøarbeidar, vil personlege eigenskapar bli tillagt stor vekt. Her vil god evne til relasjonsbygging, det å vere ein tydeleg vaksen og uthald bli tillagt vekt.
Vi tilbyr
Mange spennande og givande oppgåver med meining.
Eit fagfellesskap med fokus på utvikling og trivsel i alle ledd.
Lønn etter tariff
Kompetanselønn
Pensjon og forsikringar i KLP
SØKNADSFRIST 20. DESEMBER 2025
Kontaktinformasjon
Øyvind Østrem, Rektor ved Florø barneskole, +47 46936023
Arbeidsstad
Hans Blomgate 42
6905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5052421447
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 20.12.2025