Lærar

  • Heltid
  • LAVIK, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 21. april 2025

Høyanger kommune Lavik skule

Lavik skule har ledig 100 % fast stilling frå 01.08.25.

Vi ønskjer søkjarar som har fordjuping i spesialpedagogikk samt norsk og engelsk. Undervising både på barne- og ungdomsskule.

Vi legg vekt på:

– God relasjonskompetanse
– Positivitet
– Fagleg engasjement
– Fleksibilitet
– Gode samarbeidsevner

Høyanger kommune kan tilby:

– Høve til kompetanseutvikling
– Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
– Lønn etter gjeldande tariffavtale
– Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
– Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Den som blir tilsett må ha godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen.

Det er også sterkt ønskjeleg at søkjarar har god digital kompetanse, erfaring frå klasseleiing og undervisning ved få-delt skule.

Politiattest må leggast fram før tilsetting for den som blir tilsett.

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Lavik skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Trine Deisz Haugsbø på tlf. 90191840 og høyr hennar erfaringar.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted