Alver kyrkjelege fellesråd
Alver kyrkjelege fellesråd har ledig inntil 40% stilling som kyrkjetenar Radøy sokn.
Stillinga er ledig fram til 1. april 2026. Vi har løpande vurdering av kandidatar, så kontakt oss raskt dersom du ønsker ein samtale eller vil søke. Det kan bli aktuelt med fast tilsetting seinare.
Vi ønsker deg som vil bidra positivt i vårt gode arbeidsfellesskap.
Soknet har tre kyrkjer; Sæbø, Manger, og Hordabø. Soknet har gode og tenlege kontor med eit godt stabsfellesskap. For meir informasjon om fellesråd og sokn, sjå nettsidene kyrkja.no/alver.
Arbeidsoppgaver
Stillinga som kyrkjetenar omfattar hovudsakleg tenester ved gudstenester og kyrkjelege handlingar som dåp og gravferder. Vi ser etter deg som har ordenssans, teknisk og praktisk innsikt og samtidig liker å møte menneske og synes det kan vere fint å arbeide i kyrkja. Du må kunne jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
– Praktisk tilrettelegging før og under gudstenester, for det meste på søndagar.
– Ordne med gravferder.
– Enkel tilrettelegging for andre kyrkjelege handlingar/anna bruk.
– Reinhald etter kyrkjelege handlingar (avhengig av kven som blir tilsett)
– Kvelds- og helgearbeid må påreknast
– Samarbeid med staben og tilsette i andre sokn
– Delta i stabsmøter
Kvalifikasjoner
– Praktisk erfaring frå liknande arbeid kan kompensera for manglande utdanning
– Søkar må ha norsk munnleg og skriftleg kunnskap
– Søkar må vere medlem av Den norske kyrkja
– Tilsetting skjer etter gjeldende lover og regler
– Førarkort klasse B og disponere bil
– Politiattest skal leggast fram
Personlige egenskaper
– Søkar må ha ordenssans og praktisk innsikt
– Engasjement for kyrkjeleg verksemd
– Sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik
– Vere god til å møte menneske i ulike livssituasjonar
– Fleksibel, med gode samarbeidsevner
– Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
– Løn etter gjeldande avtaleverk og tariff (KA)
– Forsikringsordningar gjennom KNIF Tryggheit
– Pensjonsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Grethe Lunde, dagleg leiar, 40648270
John Fredrik Wallace, kyrkjeverje, 48284872
Arbeidssted
Idrettsvegen 1A
5936 Manger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Alver kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5023440135
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Søknadsfrist: 24.10.2025