Kyrkjemusikar 60% fast stilling i Vestre Slidre

  • Deltid
  • SLIDRE, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 24. mai 2025

Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd, Kirkejobb

Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd har ansvarsområde i Vestre Slidre kommune i Valdres Prosti. Kommunen har ca 2.200 innbyggjarar fordelt på 464km2 med variert natur. Landbruk og turisme er dei viktigaste næringsvegane. Det er gode moglegheiter for friluftsliv som fisking og fotturar. I fjellet er det godt tilrettelagt for sykling. Kommunen har eit godt skule- og barnehagetilbod, og ein kulturskule med godt og variert tilbod.

Kyrkja i Vestre Slidre har 3 sokn med 4 kyrkjer, derav 1 stavkyrkje og 1 mellomalderkyrkje, og 1 kapell. Fellesrådet har ein stillingsressurs på ca 3 årsverk fordelt på 8 tilsette. Kyrkja har kontor på Slidretun og bruker nynorsk som administrasjonsspråk.

Vi søker deg som er engasjert og kreativ og som har eit ønske om å bidra i kyrkjelyden sitt musikalske arbeid. Du er fleksibel og har evne til å jobbe godt både sjøvstendig og i samarbeid med andre.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester, kyrkjelege handlinger og andre arrangement
    saman med presten, øvrige tilsette og frivillige
  • Bidra inn i kyrkjelyden si kyrkjelege undervisning og skule/kyrkje-samarbeid
  • Ansvarleg for kyrkjelyden sitt musikalske liv i samsvar med kyrkjemusikalsk plan
  • Samarbeide med lokalt musikkliv
  • Delta i stabsmøte og vere ein del av teamarbeidet i staben.
  • Ansvarleg for ettersyn og vedlikehald av menighetens instrument

Kvalifikasjonar

  • Beherske allsidig spel på orgel og piano til ulike behov i kyrkjelydsarbeid – både solo og i samspel med
    andre
  • Relevant utdanning innen musikk og orgelspel er ønskeleg men ikkje eit krav. Relevant erfaring og vilje
    til å kurse/utdanne seg innen faget kan kompensere for manglende utdanning
  • Beherske norsk bra både munnleg og skriftleg
  • Den som tilsetjast må vere medlem i Den norske kyrkje
  • Må disponere bil
  • Politiattest må fremleggast ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids-, planleggings- og gjennomføringsevner
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Kommunisere og samarbeide godt med barn, unge og frivillige medarbeidare
  • Positiv og løysingsorientet
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • 60% fast stilling
  • Moglegheit for kursing/utdanning innen faget
  • Ein hyggeleg arbeidsfellesskap
  • Løn og arbeidsvilkår ihht gjeldande tariff og pensjonsordning i KLP
  • Deler av arbeidstida er lagt til kveld, helg og høgtid

Det blir lagt opp til prøvespeling om du blir innkalla til intervju

Kontaktinformasjon

Veslemøy Kvamme, Kyrkjeverge/Dagleg leiar, 48122137

Arbeidssted

Slidrevegen 20
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Kirkejobb

Referansenr.: 4965240856
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025