Kundekonsulent

Om stillinga

Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og no søkjer me etter ein kundekonsulent som vil vere eit viktig ledd i administrasjonen i SIMAS. Som kundekonsulent vil du få vere med å påverke og ha ei rolle i utviklinga av SIMAS som eit framtidsretta renovasjonsselskap.

Arbeidsoppgåver

  • Handsaming av søknader for renovasjon og slam
  • Kontakt mot slamrenovatør
  • Kundekontakt mot kommunar og innbyggjarar
  • Anna førefallande arbeid

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Ha interesse for avfallsbransjen og gjenvinning/ombruk 
  • Relevant høgare utdanning. Erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse
  • Erfaring innan offentleg forvaltning
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • Gjennomføringsevne, høg grad av ansvarsfølelse og arbeidskapasitet, samt vere fleksibel, ryddig, strukturert og nøyaktig 
  • Kan ta eit ekstra tak når det trengs
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og det vil bli teke omsyn til korleis vår nye medarbeidar kan komplettere dei andre medarbeidarane i verksemda 
  • God til å kommunisere skriftleg og munnleg, snakke og skrive flytande norsk 
  • God IKT-kompetanse og vere klar for å lære deg nye system

Me kan tilby

  • Ein allsidig jobb i ein bransje i utvikling og som er framtidsretta
  • Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i indre Sogn 
  • Eit godt fagmiljø og hyggelege kollegaer
  • Varierande dagar med aktivt og samfunnsnyttig miljøarbeid
  • Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP
  • Fast stilling med gode tenestepensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibilitet i arbeidstid og moglegheit for heimekontor
  • Arbeidsstad i naturskjønne omgjevnadar i Festingdalen med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted