Kulturskulelærar i teater – Vikariat – 20%

  • Deltid
  • VINJE, NORGE
  • Publisert: 13 timer siden
  • 2. august 2025

Kultur, Vinje kommune

Er du engasjert i teater, og brenn for å formidle skaparglede og scenekunst til barn og unge? Då kan dette vere stillinga for deg!

Me søkjer ein inspirerande og fagleg sterk teaterlærar til eit 30 % vikariat ved kulturskulen. Kulturskulen er organisert under avdeling for kultur, idrett og fritid – og arbeider målretta og systematisk mot å fremje eit rikt og inkluderande kulturtilbod for barn og unge.

Som teaterlærar vil du få høve til å påverke og utvikle teaterundervisninga ved kulturskulen, både pedagogisk og kunstnarleg. Du blir ein viktig del av eit arbeidsmiljø som verdset samarbeid, kreativitet og elevmedverknad.

Som kulturskulelærar arbeider du ein del aleine, men me jobbar saman så ofte me kan, og møtest til personalmøte kvar veke. Som teaterlærar er det viktig å ha ei meining om kva faget skal vere, kva elevane bør lære og korleis dei bør utvikle seg over tid. Du må kunne arbeide sjølvstendig og det å ta eigne val er heilt avgjerande for å lukkast i ei stilling som dette.

Arbeidsoppgåver

Stillinga som teaterlærar har vore utan tilsett i eit år grunna permisjon. Difor vil store delar av stillinga gå til å sette i gong tilbod om teater i Vinje kulturskule på nytt. Her vil det vere stort rom for nyvinning og utvikling. Hovudmålet er å tilby eit fag med kvalitet og variasjon, retta mot eit mangfald av elevar.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig kunstfaglig utdanning og praktisk pedagogisk utdanning
  • Erfaring frå arbeid med born og unge
  • Erfaring frå scenekunst og teater, særskild retta mot born og unge

Dokumentert erfaring frå tilsvarande stilling kan erstatte utdanningskravet.

Personlege eigenskapar

Saman med elevane må du:

  • vere blid og imøtekommande
  • vere open og inkluderande
  • vere strukturert og kreativ
  • akrivt invitere til medverknad

I det daglege arbeidet må du vere:

  • sjølvstendig og strukturert
  • målretta og konstruktiv

Vi tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • Løn etter lokal lønstabell

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4977021770
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 03.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted