Kultur, Vinje kommune
Har du eit bankande hjarte for folkesong og tradisjonsmusikk? No har du sjansen til å vere med og vidareføre ei levande kulturarv!
Vinje kulturskule søkjer ein engasjert og kompetent kvedar til eit 10% vikariat. Stillinga ligg under avdeling for kultur, idrett og fritid – ei eining som arbeider målretta for å styrke kulturtilbodet i kommunen, med særleg vekt på lokal identitet og tradisjon.
Som kvedelærar får du moglegheit til å dele kunnskap og songglede med elevar i ulike aldrar. Vinje har ein stolt kvedetradisjon, og denne stillinga gjev deg høve til å vere ein aktiv del av eit kulturmiljø der folkemusikk har ein naturleg plass. Her kan du bidra til å halde tradisjonen levande!
Arbeidsoppgåver
- Gruppeundervisning
- Individuell undervisning
- Utvikle folkemusikkfaga i kulturskulen
- Nettverksbygging
Kvalifikasjonar
- 3-årig kulturfagleg utdanning og praktisk pedagogisk utdanning
- Utdanning eller erfaring med folkemusikk
- Erfaring med arbeid med barn og unge
- Erfaring med å undervise barn og unge i song
- Må ha førarkort kl. B og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert i folkemusikk og tradisjonell songkunst
- Du er ein tydeleg og inspirerande formidlar som klarer å engasjere elevar i ulike aldrar
- Du har evne til å byggje gode relasjonar og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Du er sjølvstendig og strukturert, men samarbeider også godt i eit team
- Du er open for tverrfagleg samarbeid og kreativ utvikling av undervisninga
- Du har respekt for tradisjonane, men også evne til å levandegjere dei på ein moderne og relevant måte
Me tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Kristian Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid
Arbeidsstad
Vinjevegen 192
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5013997346
Stillingsprosent: 10%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 19.10.2025