Kulturskulelærar i kveding – Vikariat – 10%

  • Deltid
  • VINJE, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 2. august 2025

Kultur, Vinje kommune

Har du eit bankande hjarte for folkesong og tradisjonsmusikk? No har du sjansen til å vere med og vidareføre ei levande kulturarv!

Vinje kulturskule søkjer ein engasjert og kompetent kvedar til eit 10% vikariat. Stillinga ligg under avdeling for kultur, idrett og fritid – ei eining som arbeider målretta for å styrke kulturtilbodet i kommunen, med særleg vekt på lokal identitet og tradisjon.

Som kvedelærar får du moglegheit til å dele kunnskap og songglede med elevar i ulike aldrar. Vinje har ein stolt kvedetradisjon, og denne stillinga gjev deg høve til å vere ein aktiv del av eit kulturmiljø der folkemusikk har ein naturleg plass. Her kan du bidra til å halde tradisjonen levande!

Arbeidsoppgåver

  • Gruppeundervisning
  • Individuell undervisning
  • Utvikle folkemusikkfaga i kulturskulen
  • Nettverksbygging

Kvalifikasjonar

  • 3-årig kulturfagleg utdanning og praktisk pedagogisk utdanning
  • Utdanning eller erfaring med folkemusikk
  • Erfaring med arbeid med barn og unge
  • Erfaring med å undervise barn og unge i song

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert i folkemusikk og tradisjonell songkunst
  • Du er ein tydeleg og inspirerande formidlar som klarer å engasjere elevar i ulike aldrar
  • Du har evne til å byggje gode relasjonar og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Du er sjølvstendig og strukturert, men samarbeider også godt i eit team
  • Du er open for tverrfagleg samarbeid og kreativ utvikling av undervisninga
  • Du har respekt for tradisjonane, men også evne til å levandegjere dei på ein moderne og relevant måte

Vi tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4977018563
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 03.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted