Ålesund kulturskole, Kommunalområde Samfunn
Ålesund kulturskole har ledig ei fast 60 % stilling som kulturskolelærar frå 1. august 2025. Undervisningsoppgåvene vil i all hovudsak vere lokalisert til Harøya og nordøyane (Haram) med m.a. undervisning på piano.
Arbeidsoppgåver
- Vi søker etter ein musikklærar som kan ivareta den pianoundervisninga kulturskolen allereie har "på øyane", men som fortrinnsvis også kan undervise i eit eller fleire andre instrument. Det er eit sterkt ønske om t.d. band- og songundervisning. Det vil vere undervisning både individuelt og i gruppe. Det kan også vere aktuelt med akkompagnementsoppgåver og undervisning i skole.
- Delar av undervisninga er desentralisert, slik at den tilsette må ha førarkort (klasse B).
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskoleutdanning i musikk og tilfredsstillande pedagogisk kompetanse, med tilstrekkeleg kompetanse til å undervise bl.a. i piano.
- Det er primært ønskeleg med utdanning/erfaring innafor rytmisk musikk/jazz, men andre sjangarar vil også kunne bli vurdert. Også erfaring frå undervisning i kulturskole/skole vil bli vektlagt.
- Det er krav om politiattest, jf. OPL § 17-11.
- Undervisninga skjer på norsk.
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss engasjerte, initiativrike, samarbeidsvillige og sjølvstendige tilsette ved Ålesund kulturskole. Vi søker ein lærar som kan bygge miljø og utvikle kulturskolen i lag med kollegaene sine, og som kan bidra til å utvide breidda og styrke tilbodet vårt på nordøyane.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å skape engasjement om (nye) aktiviteter er avgjerande viktig.
- Samarbeid og oppslutning om kommunen sine verdiar, open – engasjert – modig, er viktig for oss.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø og stor fleksibilitet i å utvikle faget og eigen arbeidskvardag.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar og avtaleverk.
- Undervisningsstillingar i kulturskolen er plassert i kap. 4 B i HTA etter kompetanse og ansiennitet.
Kontaktinformasjon
Gro Dalen, Verksemdsleiar, +47 70 16 34 82, gro.dalen@alesund.kommune.no
Miki Campins, Avdelingsleiar, +47 975 60 984, miguel.angel.camacho.campins@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Larsgårdsvegen 6
6009 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn
Referansenr.: 4927817620
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 25.04.2025