Koordinator

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 23 timer siden
  • 9. august 2025

Norges Handelshøyskole (NHH)

Om stillinga og senteret

Vi søkjer deg som trivst i eit pulserande, internasjonalt arbeidsmiljø, og som er god til å organisere og halde oversikt. Du held deg oppdatert på aktivitetane på senteret, likar å hjelpe andre og tar sjølvstendig initiativ til å løyse oppgåver.

Som koordinator ved Centre of Experimental Research on Fairness, Inequality and Rationality (FAIR) vil du gi administrativ støtte til forskarar og bidra til å skape eit godt miljø for tilsette og gjester. Ein stor del av arbeidet vil vere å organisere gjestebesøk og arrangere interne og internasjonale arrangement. I tillegg vil du bidra til senteret sine nettsider og sosiale medium, samt sikre den daglege drifta ved senteret. Du vil ha ei sentral rolle hos oss og samarbeide tett saman med senterkoordinator, senterleiing, fagstab og sentraladministrasjonen ved NHH. 

Stillinga høyrer til Forskingsadministrativ avdeling. FAIR er eit «Senter for fremragende forsking» og er finansiert av Norges Forskingsråd. Senteret er eit av Europas leiande miljø innan anvendt åtferds- og arbeidsmarknadsøkonomi og har som mål å gjennomføre  banebrytande forsking på ulikskap og rettferd. Ved FAIR vil du jobbe med rundt 60 internasjonale forskarar og PhD- kandidatar og være ein del av vårt administrative team på seks tilsette.

Stillinga er ei midlertidig prosjektstilling som varer til 31. juli 2027.

Dei viktigaste oppgåvene dine vil vere

  • koordinere og ta imot gjester og nye tilsette
  • organisere interne og internasjonale arrangement
  • bidra til senteret sine nettsider, sosiale medium og nyheitsbrev
  • gjere bestillingar og innkjøp
  • bidra til rapportar og presentasjonar
  • utføre oppgåver knytt til den dagleg administrative drifta av senteret

Du må rekne med endringar i arbeidsoppgåver over tid.

Kvalifikasjonskrav 

Vi ser etter deg som har

  • høgare utdanning minimum tilsvarande bachelorgrad (relevant realkompetanse kan i nokre tilfelle erstatte utdanningskravet)
  • erfaring frå koordinering av arrangement eller anna relevant arbeid knytt til koordinering
  • gode evner innan og interesse for bruk av digitale verktøy
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk

Det er ein føremon om du har 

  • internasjonal erfaring i form av utdanning og/eller arbeidserfaring 
  • erfaring med drift og produksjon av innhald på sosiale medium og nettsider
  • erfaring frå universitets- og høgskulesektoren

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som 

  • likar å gi god service, er omgjengeleg og har evne til å jobbe godt saman med ulike menneske
  • er god til å prioritere, planlegge og organisere arbeidet
  • har evne til å finne løysingar og ta sjølvstendig initiativ til oppgåveutføring
  • er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
  • trivst i ein travel kvardag med mange ulike arbeidsoppgåver

NHH tilbyr

  • jobb i ein organisasjon som utfører spennande og samfunnsnyttige oppgåver
  • varierte oppgåver og utfordringar
  • eit triveleg og stimulerande arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • fleksibel arbeidstidsordning og inkluderande arbeidsliv
  • gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (www.spk.no)
  • velferdsgode som subsidiert trening og bedriftshytte

Stillinga har kode 1408 – førstekonsulent og er lønna med kr 520 000 til kr 560 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.

Generell informasjon

NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med senterleder Bertil Tungodden, bertil.tungodden@nhh.no og fungerande administrasjonssjef Ana Jorge Finnigan, ana.finnigan@nhh.no.

Søknadsfrist 10. august 2025.

 

Søknad, CV, vitnemål og attestar sendast elektronisk via Jobbnorge.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted