Administrasjon, Fagskulen Vestland
Midlertidig stilling som kontor-/administrasjonsmedarbeidar
Med om lag 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Om stillinga
Fagskulen Vestland har ledig ei 2-årig midlertidig stilling knytt til Servicetorget på studiestaden Nordnes. I Servicetorget handsamer vi ulike førespurnader frå studentar, tilsette og gjester på e-post, telefon eller ved oppmøte. Stillinga har sin arbeidsplass i Servicetorget.
Det er viktig at du arbeider sjølvstendig og systematisk med oppgåvene, og samtidig har gode samarbeidsevner og er serviceinnstilt. Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
- Ekspedisjon/posthandtering
- Arkivering og postfordeling i sak- og arkivsystemet (Elements)
- Innkjøp (økonomisystem Visma Enterprise Plus)
- Enklare sakshandsaming (Elements)
- Administrative driftsoppgåver knytt til tenester ved Servicetorget
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Administrativ utdanning / fagbrev / relevant arbeidserfaring
- Kjennskap til studentadministrative system, LMS og liknande er ein føremon
- Gode IKT kunnskapar
- God skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeidsevner
- Er initiativrik og sjølvstendig
- Trivst med utfordringar
- Nøyaktig og systematisk
- Er serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Kontaktinformasjon
Hege Aarethun, Administrasjonsleiar, +47 99509287, hege.aarethun@vlfk.no
Arbeidsstad
Haugeveien 28
5005 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5025848730
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 22.10.2025