Kommunikasjonsrådgivar

Organisasjon og utvikling

Brenn du for kommunikasjon som betyr noko? Er du god til å gjere det komplekse forståeleg og skape tillit og engasjement?

Vi søker ein samfunnsengasjert kommunikasjonsrådgivar med erfaring frå innhaldsproduksjon. Hos oss får du ei sentral og sjølvstendig rolle til å gjere kommunen meir open, engasjerande og relevant.

Du blir ein nøkkelperson i arbeidet med å løfte fram Ulstein kommune og Søre Sunnmøre som ein attraktiv stad og engasjere både innbyggarar og tilsette. Dette gjer du ved å finne dei gode historiene frå kvardagen og formidle dei på ein måte som skapar forståing og interesse – også når sakene er komplekse.

Du vil jobbe både strategisk og operativt med ansvar for intern og ekstern kommunikasjon. Du nyttar ulike kanalar som nettsider, sosiale medium og interne plattformer for å nå ut. Vi samarbeider med nabokommunane og har ambisjonar om å etablere eit endå tettare samarbeid. Hos oss får du vere med å forme framtida!

Du blir tilsett i Organisasjon og utvikling. Vi er eit lite og fagleg sterkt lag som saman dekker eit breitt ansvarsområde. Ulstein kommune er i utvikling, og oppgåvene framover kan variere. Du kan òg få ansvar for område som ligg utanfor ditt primære fagfelt – til dømes val og beredskap.

Arbeidsoppgåver

Du blir tilsett i Organisasjon og utvikling og får ansvar for å

  • produsere innhald – tekst, foto, film, redigering og publisering – i interne og eksterne kanalar
  • vidareutvikle og gjennomføre kommunikasjonsstrategiar
  • utvikle struktur og rutinar for kommunikasjon i kommunen og interkommunalt samarbeid
  • gi råd om kommunikasjon, mediehandtering og krisekommunikasjon
  • delta i faggruppa for kommunikasjon for Søre Sunnmøre
  • delta i ulike prosjekt etter kompetanse og erfaring 

Kvalifikasjonar

Vi ønsker at du

  • har relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minst bachelornivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • har erfaring frå journalistikk eller operativt kommunikasjonsarbeid, gjerne i offentleg sektor
  • har erfaring med innhaldsproduksjon og publiseringsverktøy på digitale flater og kanalar
  • er ein god formidlar som klarer å gjere komplekse tema forståelege og engasjerande
  • har særs god framstillingsevne på norsk både munnleg og skriftleg. Skriftspråket vårt er nynorsk.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein person som

  • er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, strukturert og initiativrik
  • har god gjennomføringsevne og evne til å prioritere under tidspress
  • er løysingsorientert, nysgjerrig og har eit heilskapleg blikk
  • held seg oppdatert på fagfeltet og har interesse for utvikling

Personleg eignaheit til stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • kjekke kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • varierte, meiningsfulle og viktige oppgåver med stort handlingsrom
  • ei spanande rolle i eit interkommunalt samarbeid
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • lønn etter kommunen sine lønnspolitiske retningslinjer
  • god offentleg pensjons- og forsikringsordning

Kontaktinformasjon

Monica Cecilie Torp, Kommunalsjef organisasjon og utvikling, +47 90743207

Arbeidsstad

Sjøgata 63
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Organisasjons- og utviklingsetaten

Referansenr.: 5037157886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted