Kommunepsykolog barn og unge

  • Heltid
  • SOGNDAL, NORGE
  • Publisert: 4 dager siden
  • 16. juni 2025

Sogndal kommune Helsestasjon

Har du lyst å vere del av eit dedikert tverrfagleg team og forme kommunen si psykiske helseteneste for barn, unge og deira familiar? 

Me søker ein engasjert kommunepsykolog i eit års vikariat (100%) knytt til helsetasjonen sitt tilbod: Barn-, ungdom- og familiestøtte. Dette er eit lågterskel psykisk helsetilbod for barn og unge (0–20 år) og deira foreldre. Tilbodet omfattar individuell oppfølging, gruppetilbod, foreldrerettleiing og støtte til tilsette.

Som kommunepsykolog vil du bidra til å utvikle eit samordna psykisk helsearbeid i tett samarbeid med skulehelseteneste, helsestasjon og andre fagmiljø. Du vert del av eit tverrfagleg team med bl.a. familierettleiarar, pedagogar og ungdomslosar, og vil jobbe både førebyggjande, helsefremjande og behandlande. Som del av det tverrfaglege teamet vil du spele ei sentral rolle i å styrke primærhelsetenesta ved å følgje opp barn og unge som står i fare for, eller har utvikla, psykiske plagar. Me jobber etter den tverrfaglege modellen "Betre tverrfagleg innsats". 

Arbeidsoppgåver 

  • Tverrfagleg samarbeid med andre kommunale instansar og tilsette som arbeider med barn og unge. 

  • Klinisk arbeid med barn, ungdom og deira familiar. 

  • Vidareutvikling av lågterskel- og gruppetilbod. 

  • Samarbeid med og tilvising til spesialisthelsetenesta. 

  • Styrke kommunen sin kompetanse på psykisk helse gjennom undervisning og rettleiing. 

  • Bidra til fagutvikling og systemisk utviklingsarbeid.  

Me ser etter deg som har engasjement for førebyggande arbeid og tidleg innsats og som ønsker å bidra med å styrke det psykiske helsearbeidet for barn og unge i kommunen vår. Det blir vektlagt at du er effektiv, strukturert og løysingsorientert. Du må trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team.  

Kvalifikasjonar 

  • Norsk autorisasjon som psykolog 

  • Relevant yrkeserfaring vil bli vektlagt  

  • Kompetanse eller erfaring med utviklingsarbeid og rettleiing er ynskeleg, men ikkje eit krav 

  • Førarkort klasse B 

  • Gyldig politiattest 

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
     

Me tilbyr

  • Ein meiningsfylt jobb der du bidrar med å styrke det psykiske helsearbeidet for barn og unge 

  • Samarbeid i eit engasjert tverrfagleg team 

  • Godt samarbeid med andre tenester i kommunen 

  • Opplæring, rettleiing og støtte i jobben 

  • Varierte arbeidsdagar og fleksitid  

Reiseverksemd i heile kommunen må påreknast. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.   
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.   

Link til søknadsskjema: Søk her