
Tokke kommune
Tokke kommune ser etter ein trygg, tydeleg, og samlande leiar, som skaper resultat gjennom samarbeid, involvering og tillit. Du er relasjonssterk, har god rolleforståelse og ser viktigheten av å ha eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Som toppleiar er du med på å sikre gode tenester i kommunen og legge til rette for god økonomistyring, til det beste for innbyggarane våre. Du er ein pådrivar og tilretteleggar for god og innovativ samfunns- og næringsutvikling.
Du vil og ha ansvar for vertskommunesamarbeid, delta i kommunedirektørkollegiet i Vest-Telemark og kommunedirektørforum i Telemark.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- Samfunnsengasjement og gode samarbeidsevner
- God forståing for kommunal/offentleg økonomi, planarbeid og lovverk
- Leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd
- Relevant høgare utdanning
Det er og viktig at du, som kommunedirektør, legg til rette for godt samarbeid med arbeidstakarorganisasjonar og vernetenesta.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande stilling
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Ta gjerne kontakt med ordførar Jarand Felland eller formannskapsmedlem Benedikte Nes for ei uformell samtale.
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Regionen med om lag 14 000 innbyggarar er i stor grad ein felles bu- og arbeidsmarknad. Tokke kommune har 295 årsverk og eit budsjett på 400 MNOK. Kommunen har 2250 innbyggjarar. Over fleire år har vi hatt ein fin folketalsvekst.
Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nytter utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder. Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen. Vest-Telemark museum i Tokke er også ein sentral formidlar av kultur.
E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.
Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder som utvidar og skaper nye arbeidsplassar.
På Dalen ligg Vest-Telemark vidaregåade skule kjent for sin gode evne til å sjå kvar enkelt elev.
NAV Vest-Telemark er eit vertskommunesamarbeid lokalisert i Tokke.
Kontaktinformasjon
Jarand Felland, ordførar, +47 97 59 17 78
Benedikte Nes, formannskapsmedlem, +47 93 43 97 12
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 4949960639
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025