Kokk, fagarbeidar eller kjøkenassistent i 65% stilling

  • Deltid
  • FANNREM, NORGE
  • 14. februar 2026

Torshus Folkehøgskule Sti

Torshus folkehøgskule er ein tradisjonsrik og varm internatskole med inntil 75 elevar der fellesskap, trivsel og gode måltidsopplevingar står sentralt i kvardagen. Vi legg stor vekt på heimelaga, variert og næringsrik mat.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

Fagarbeidar/kokk med fagbrev innan kjøkken- og restaurantfag, institusjonskokk, storkjøkken eller tilsvarande.

eller

Person med breid/lang erfaring innan storhushaldning eller profesjonelt kjøken, må da kunna vise til lang erfaring med menyplanlegging i storhushaldning, profesjonell kjøkendrift, middagslaging i storhushaldning og kompetanse på samansetting av måltid med omsyn til næringsinnhald og smak.

Erfaring frå produksjon av mat til større grupper er ein fordel, utan fagbrev er dette eit absolutt krav. God kunnskap om hygiene, trygg mat og IK-mat, evne til å jobbe strukturert, sjølvstendig og i team, engasjement for god mat, kvalitet og service.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt:

Vi søker deg som har godt humør og liker å jobbe med ungdom og kollegaer, er fleksibel, initiativrik og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø, tek ansvar når det trengst, har serviceinnstilling og er stolt av faget.

Arbeidsoppgaver

· Dagleg produksjon av frukost, lunsj og middag

· Planlegging og førebuing av måltid i samarbeid med resten av kjøkkenteamet

· Bidra til god drift av kjøkenet, inkludert reinhald og IK-mat

· Presentasjon og servering av mat ved arrangement, elevkveldar og spesielle høve

· Sørgje for eit inkluderande miljø der elevar kan få innblikk i matlaging og gode rutinar

Internatarbeid

Vi tilbyr

· Eit inkluderande, sosialt og triveleg arbeidsmiljø

· Arbeidstid hovudsakleg på dagtid, med noko kvelds- og helgearbeid ved arrangement

· Komprimert arbeidsår

· Gode høve til fagleg utvikling

· Lønn etter tariff og medlemskap i Statens pensjonskasse

· Ein arbeidsplass der du får vere ein viktig del av kvardagen til elevane våre