Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 100% fast stilling som kokk i storkjøkken, avd. Sandøy kjøkken. Oppstart etter avtale, behov frå medio Januar 2026.
Stillinga er innplassert i arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune.
Andre avdelingar i Sandøy omsorgsdistrikt er sjukeheim, bukollektiv, dagsenter, heimetenester, legevaktsatelitt.
Storkjøkkenet tilbereder mat til institusjon – sjukeheim, bemanna bukollektiv og dagsenter. I tillegg tilberedes det mat til heimebuande med vedtak matombringing etter kok-server prinsipp. Kjøkkenet driftar Nærmiljøkafe og tek på seg catering oppdrag ut frå kapasitet.
Som kokk i storkjøkken i Sandøytunet bidreg ein til gode pasientforløp med god ernæring til pasientar og brukarar. Ein er og ein viktig bidragsytar i sosiale møteplassar gjennom matservering i Nærmiljøkafe.
Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, der Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen.
Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.
Arbeidsoppgåver
- Tilberedning av varme og kalde rettar, kaker og desserter, spesialkost av ulike variantar, tradisjonsmat til høgtider
- Sikre måltid av god ernæringsmessig kvalitet i tråd med gjeldande avtalar og retningslinjer
- Oppgåver knytt til drift av kafe
- Følge rutiner for mattrygghet og reinhald i kjøkken
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
- Samarbeid med interne/eksterne aktørar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Relevant erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel
- Søkere under utdanningsforløp innen faget kan bli vurdert
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala – CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettes at den som skal tilsettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Nytenkande og endringsvillig
- Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg påfyll etter virksomhetens behov
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
- Pensjonsordning i henhold til tariff
- Bedriftshelsetjeneste
- IA bedrift
Kontaktinformasjon
Renate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, renate.finnoy@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Austrevegen 15
6296 Harøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5044149701
Søknadsfrist: 19.12.2025