Kokk 100 prosent, sesongarbeid sommeren 2026

  • Heltid
  • TYSNES, NORGE
  • 27. februar 2026

Mandelhuset AS i Våge på Tysnes søkjer ein engasjert og kokk i 100% til sommersesongen mai-ut august.
Mandelhuset ligg heilt i sjøkanten i Våge, med utsikt mot sjø. Me er eit levande serveringssted med fokus på gode råvarer, kultur og underhaldning. Me er lærebedrift med kokkelærlingar.

Hva vi ser etter

• Du har fagbrev som kokk eller relevant erfaring
• Du har erfaring frå a la carte og selskap
• Du har gode kunnskapar om sjømat, fisk og skalldyr, og lyst til å lære endå meir
• Du arbeider effektivt og nøyaktig, også når tempoet er høgt
• Du trivst med å jobba i team og har gode samarbeidsevner
• Du kan jobba sjølvstendig når det trengs
• Du beherskar norsk eller som minimum god engelsk

Arbeidsoppgaver

• Produksjon og anretning av lunsj og middag til restaurant, selskap og catering
• Sikra god kvalitet på mat, reinhald og rutinar på kjøkenet
• Koordinering av servering ved selskap, kurs og konferanse

Vi tilbyr

Eit kjøken som er moderne og godt utstyrt, eit miljø der fagkunnskap blir sett høgt og der me brukar lokale råvarer med stoltheit. Du jobbar tett saman med erfaren kjøkkensjef og dyktige kollegaer, og får reell moglegheit til å utvikla deg fagleg gjennom varierte oppgåver, store sesongar og ulike arrangement.

Du får påverka meny, arbeidsflyt og kvalitet, og me legg stor vekt på samarbeid, tryggleik og trivsel på jobb. Løna er konkurransedyktig, arbeidstida er variert og me er ei lærebedrift som satsar på kompetanse.

Mandelhuset er ein sosial og inkluderande arbeidsplass der det er kjekt å gå på jobb og der du blir ein del av eit lag som bryr seg om både mat, folk og lokalsamfunnet.