Klinisk sosionom BUP Stord

  • Heltid
  • STORD, NORGE
  • 10. januar 2026

Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord

Vi har ledig fast 100% stilling.

Allmennpoliklinikk for barn og unge ved BUP-Stord er delt opp i fire behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Vi har hovudkontor lokalisert på Stord, samt utekontor på Husnes og i Odda. Opptaksområdet for oss dekkjer dei seks kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang. Eininga er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for vaksne (DPS).

Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar. Stord BUP arbeider systematisk med pasientkvaliteten, og har for tida fleire prosjekt med fokus på å auke kvaliteten i behandlinga. Det inkluderer mellom anna tilbod om behandling i gruppe av søvnlidingar, korleis sikre god kompetanse og tilstrekkeleg tid til å behandle vanskane til pasientane, og deltaking i interkommunalt samarbeid om ambulante tenester til barn og unge med amed alvorlege vanskar

Vi oppmodar også andre godt kvalifiserte søkjarar med høgskuleutdanning til å søkje, som blir vurderte dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar klinisk sosionom.

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostikk og behandling.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging (rettleiing, undervisning,teamarbeid).
  • Delta på samarbeidsmøter

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Vi søkjer klinisk sosionom med spesialutdanning innan barn og unges psykisk helse.
  • Du har erfaring innan allmennpoliklinisk arbeid ev. oppfølging av enkeltpasienter kommunalt.
  • Meistrar spesifikke kartleggingsverktøy for barne- og unges psykiske lidingar.

Vi oppmodar også andre godt kvalifiserte søkjarar med høgskuleutdanning til å søkje, som blir vurderte dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar klinisk sosionom.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • held oversikt sjølv når det skjer mykje, og følgjer opp oppgåver heilt til dei er i mål
  • er opptatt av at pasientar og pårørande skal kjenne seg trygge, og gjer det lille ekstra for å skape gode møte
  • kommuniserer tydeleg og respektfullt, og samarbeider godt med både pasientar, pårørande og kollegaer
  • liker å finne gode løysingar i kvardagen, kjem med innspel til forbetringar og tør å tenkje nytt
  • tilpassar deg endringar i drift og oppgåver, og bidreg positivt når det dukkar opp uventa situasjonar

Kvifor skal du velje oss?

  • Fagleg og personleg utvikling.
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Stillinga er dagstilling, 37,5 t/veke
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Tenestestad Stord. 

Kontaktinformasjon

Ingvild Kaldråstøyl, kst. funksjonsleiar, +47 95272891, ingvild.kaldrastoyl@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5051659194
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted