Medisinsk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vi søker Klinisk ernæringsfysiolog til 60 % engasjement i Pasientsentrert helsetjenesteteam (PSHT) Ålesund.
Stillinga er f.t lagt under medisinsk avdeling/poliklinikk Ålesund
Tilsetting snarleg etter avtale. Ved intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig. Dette kan inkludere klinisk arbeid i medisinsk og kirurgisk avdeling, med tenester som desse avdelingane tilbyr.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Ernæringsbehandling av pasientar med samansatte problemstillingar
- Samarbeid om videreutvikling av ernæringstilbodet
- Deltaking i tverrfaglege team og kompetanseheving
- Opplæring og rettleiing av pasientar og pårørande
- Undervisning og rådgjeving av helsepersonell
Som KEF i PSHT vil du:
- Være med på å utvikle eit spennande prosjektarbeid med fokus på ernæring, der ein tar sikte på å
utvikle eit enno betre tverrfaglig tilbod for pasientar som følges opp av teamet.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
- God munnleg og skriftleg norskkunnskap
- Erfaring med ernæringsdokumentasjon
- Relevant klinisk erfaring
- Erfaring fra utviklingsarbeid og nyetableringar av pasienttilbod kan være ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg dyktig, engasjert og kunnskapssøkande
- Du er strukturert, effektiv og sjølvstendig
- Du er fleksibel og løysingssorientert
- Du har interesse for koordinering av utviklingsarbeid
- Du har pågangsmot og gjennomføringsevne
- Du har god pedagogisk formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
- Du samarbeider og kommuniserer godt med pasientar, kollegaer og andre faggrupper
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, +47 70105742, ann-helen.tryggestad.arthur@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4954236758
Stillingsprosent: 60%
Engasjement
Søknadsfrist: 04.05.2025