Kan du tenka deg ein spennande leiarjobb?

  • Heltid
  • ØLEN, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 9. juni 2025

Vindafjord kommune Kultur og læring

Vindafjord vaksenopplæring er ei avdeling i eining Kultur og læring. Talet på deltakarar varierar i tråd med busetting av flyktningar til kommunen. Skulen driv opplæring for vaksne etter integreringslova og opplæringslova. Det er omlag 80 deltakar og sju lærarar, fordelt på opplæring i norsk, samfunnskunnskap, førebuande opplæring for vaksne (FOV) og individuell tilrettelagt opplæring (ITO). Avdelingsleiar har ansvar for den daglege drifta, og saman med einingsleiar utgjer ein skulen si leiing. 

Me ser etter deg som har eit sterkt engasjement for opplæring og skuleutvikling. Du vil vera ein del av leiarguppa i kultur og læring, som består av leiar avdeling kulturskule, dagleg leiar frivilligsentral, biblioteksjef, rådgjevar kultur og idrett samt einingsleiar. Skulen held til i kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen. 

Kva får du jobba med hjå oss?

  • Ansvar for dagleg drift 
  • Fag-, fagsystem- og personalansvar
  • Ansvar for prøveavvikling
  • Leggja til rette for profesjonsfagleg utviklingsarbeid
  • Leia og delta i eit lærende fellesskap 
  • Sakshandsaming innan fagområdet 
  • Vera aktiv bidragsytar i eininga si leiargruppa
  • Tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning, gjerna høgare utdanning innan fagfeltet
  • Skulefagleg leiarutdanning og eller leiarerfaring er ønskjeleg
  • Ønskjeleg om god kjennskap til gjeldande lovverk og forskrifter innan fagfeltet
  • God digital kompetanse er ein førestenad, særleg korleis IKT kan nyttas for å fremja læring
  • Meistra godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk 

Vi søker deg som:

  • er oppteken av pedagogisk utviklingsarbeid generelt
  • er positiv, strukturert, kan arbeida godt sjølvstendig og saman med andre
  • visar god forståing for deltakaren si læring og utvikling, faglig og sosialt
  • er effektiv, engasjert og endringsorientert
  • er god til å rettleia og følgja opp personale
  • trivast med administrative oppgåver
  • er ein lagspiller
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på, samt å utfylla kompetansen i leiarteamet blir prioritert.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted