Jordmor

  • Heltid
  • STORD, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 9. august 2025

Føde- og gynekologisk avdeling Stord, Helse Fonna HF

Ledig jordmorvikariat hos oss! Varigheit eitt år, og oppstart ønskjeleg snarast.

Vi er ei kombinert føde-, barsel og gynekologisk avdeling som har omlag 400 fødslar i året og 450 gynekologiske operasjonar. Avdelinga har seleksjonskriterier og samarbeider tett med fødeavdelinga, samt nyfødtintensiv ved Haugesund sjukehus.

Som jordmor hos oss får du ein variert arbeidskvardag, i ei til tider travel, men triveleg avdeling. Stillinga er tredelt og inkludert helg.

Dersom spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt! 

Kva går jobben ut på?

  • Fødsel- og barselomsorg
  • Sjukepleie og omsorg til gynekologiske pasientar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Studentrettleiing

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisasjon som jordmor
  • Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er strukturert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er pasientorientert
  • har respekt for den enkelte pasient
  • er sjølvstendig
  • trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling

Kontaktinformasjon

Hildegunn Horvei, Funksjonsleiar, +47 47241033, hildegunn.horvei@helse-fonna.no
Elisabeth Sortland, Avdelingsleiar, +47 91801476, elisabeth.sortland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 62
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4996116614
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 10.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted