Jordforskar / rådgivar

  • Heltid
  • ÅS, NORGE
  • Publisert: 5 dager siden
  • 6. mai 2025

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

Nøkkelinformasjon

NIBIO – Divisjon miljø og naturressursar, lyser ut ei fast heiltids stilling, primært for å styrke oppdragskapasiteten til divisjonen innan jordfag. Stillinga er tilknytta avdeling Grøntanlegg og vegetasjonsøkologi.

Avdelinga består per i dag av 15 forskarar og stipendiatar og er i stor grad involvert i oppdragsforsking og faglege konsulenttenester. Avdelinga har forskarar på Ås, på Landvik ved Grimstad og Særheim på Jæren. Arbeidsstad for denne stillinga er Ås.

Hovudoppgåvene til stillinga

Viktige arbeidsoppgåver dei næraste åra vil vere knytt til prosjekt innan masseforvaltning som skal sikre at godt jordsmonn ikkje går tapt ved utbygging av vegar, jernbane eller annan utbygging, men i størst mogleg grad kan nyttast/reetablerast på andre areal. Andre oppdrag der jordkompetanse trengst, kan handle om revegetering av forstyrra areal og restaurering av natur- og jordbruksmark. Jordblandingar til anleggssektoren er òg eit tema. Dersom du blir tilsett som forskar, vil arbeidet veksle mellom oppdragsutgreiingar, forskingsaktivitetar og vitskapleg publisering.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning innan relevante jordrelaterte fag, minimum mastergrad eller sivilingeniør, gjerne doktorgrad
  • Kunnskap om kvartærgeologi, jordsmonn, fysiske og biogeokjemiske prosessar i jord
  • Språkkunnskapar: Meistre godt norsk skriftleg og munnleg, eventuelt eit anna skandinavisk språk, i tillegg til engelsk skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du har

  • Kjennskap til masseforvaltning og forståing for anleggssektoren
  • Kjennskap til norsk landbruk
  • Kjennskap til arealplanarbeid
  • Erfaring med prosjektarbeid og prosjektleiing
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Initiativ og kreativitet
  • Evne til å arbeida effektivt, sjølvstendig og systematisk
  • Ansvarsfull og målretta
  • Fleksibilitet og gode samarbeidsevner med kollegaar og oppdragsgjevarar
  • Likar utendørs feltarbeid
  • Flink til å gjennomføra og kunna stå på litt ekstra når det trengst

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å jobba med eit viktig samfunnsoppdrag med fokus på berekraft og framtidsretta prosjekt
  • Utfordrande, spennande og varierte oppgåver i tverrfaglege team
  • Ein fleksibel kvardag med moglegheit til å påverka eigne arbeidsoppgåver
  • Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
  • Ein raus personalpolitikk med velferdsordningar og fokus på dei tilsettes ulike livsfaser

Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativet som forskar kode 1108 (master), forskar kode 1109 (doktorgrad), seniorforskar kode 1183, eller som rådgivar/seniorrådgivar kode 1434/1364. Årsløn kr 565.000 – 870.000. Kode og løn blir vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, samt tilbod om bustadlån til gunstig rente.

Meir om NIBIO som arbeidsgivar finn du her: Jobb i NIBIO

Korleis søkja på stillinga

CV fyllast ut elektronisk og sendast via lenkje på denne sida, "søk stillinga". I staden for  søknadsbrev ber vi deg svare på nokre spørsmål.

Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.

. Video: https://youtu.be/6mZySoUgD2Q

Andre opplysingar

Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted