Jobbspesialist IPS

  • Heltid
  • STORD, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 13. mai 2025

Nav Stord - Nav  region Sunnhordaland 

Me har behov for ein vikar i teamet vårt av jobbspesialistar IPS i ett år fram i tid. Difor søker me etter ein motivert jobbspesialist med stort pågangsmot, gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse. Som jobbspesialist i Nav region Sunnhordland vil ein arbeide i team saman med andre jobbspesialistar i eit innovativt og nyskapande miljø.

Individual Placement and Support (IPS) er ein metode for oppfølging av menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar, rusproblem og/eller samansette utfordringar. Målgruppa for IPS er personar frå 16 år og oppover. Målet er at fleire i målgruppa gjennomfører utdanning, læreløp eller kjem over i ordinært løna arbeid. Du vil ha minst 65% av arbeidstida ute i lokalmiljøet med personlege møter med deltakarar og studiestadar/arbeidsgjevarar.

Nav Stord er regionskontoret i Sunnhordland. Me er per i dag om lag 70 tilsette. Du vil bli tilsett og ha kontorstad på Nav Stord, men mykje av tida vil vere ute hos arbeidsgjevarar i regionen og på andre lokalkontor. Som jobbspesialist IPS har ein også eit tett samarbeid med spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Nav er ein organisasjon i stadig utvikling og endring, og arbeids- og ansvarsområdet for stillinga kan derfor endre seg etter behov.

Om du blir motivert av å jobbe med menneske, har trua på at alle trass psykiske utfordringar kan studere eller få og behalde ein ordinær jobb, kan denne stillinga vere rett for deg. Ønska oppstart for stillinga er omgåande.  

I søknadsteksten ber me deg skrive noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.

Arbeidsoppgåver

Du vil nytte IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakar, behandlingsteam, kommune- og spesialisthelsetenesta, NAV og studiestad/arbeidsgjevar. Du skal:

  • arbeide med ei deltakarportefølje med 20 personar
  • rettleie deltakarane i bevisstgjering av eigne preferansar når det gjeld utdanning eller jobb, kompetanse, kvalifikasjonar, sterke sider og haldningar
  • engasjere og motivere både jobbsøkarar, studiestadar, arbeidsgjevarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakane
  • oppsøke utdanningsinstitusjonar og verksemder, skape dialog og bygge nettverk
  • delta i behandlingsteam og ha tett samarbeid med behandlarar
  • samarbeide med eksterne tenesteytarar dersom deltakar har utfordringar med bustad, sosiale forhald, økonomi, etc.
  • ha jamlege møter med NAV-rettleiarar
  • dokumentere arbeidet i NAV sine fagsystem

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført utdanning tilsvarande bachelor, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag, pedagogikk eller sal- og marknadsføring. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • erfaring frå relasjonsarbeid og arbeid med menneske
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • gode digitale ferdigheiter
  • førarkort kl. B

Det er ønskeleg at du har:

  • erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS
  • erfaring frå oppsøkande kundekontakt og nettverksbygging
  • god rettleiingskompetanse

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • har evne til å motivere og engasjere andre
  • tenker kreativt og er løysingsorientert
  • er fleksibel, strukturert og har god gjennomføringsevne
  • er resultatorientert
  • har gode samarbeidsevner og servicehaldningar
  • er proaktiv i kontakt med samarbeidspartnarar
  • jobbar like godt i team som sjølvstendig

Me tilbyr

  • Moglegheit til å utgjera ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Opplæring, kurs og kompetanseheving
  • Eit godt arbeidsmiljø med inkluderande kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Stillinga er løna i lønsspenn 575 000 – 610 000 pr. år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. 
  • Gode pensjonsordningar gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)

Kontaktinformasjon

Helga Strømme, Avdelingsleiar, 402 07 709

Arbeidssted

Bandadalsplassen 5
5417 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4959717413
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.05.2026
Søknadsfrist: 14.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted