Jobbspesialist

Nav Alver - Arbeid med støtte

Har du tru på at alle kan jobbe gitt rett støtte og tilrettelegging? Har du pågangsmot til å ta kontakt med bedrifter og skape relasjon? Har du evne og kompetanse til å motivere jobbsøkarane slik at dei lykkast med å stå i ordinær jobb eller fullføre løp mot fagbrev i fag- og yrkesopplæring? Vil du vere ein del av eit team som er dedikert til dette arbeidet? Då håper vi at du søker denne stillinga. 

I Nav region Nordhordland, Arbeid med støtte, har vi eit ledig vikariat som jobbspesialist. Vi søker ein jobbspesialist som kan bistå og støtte arbeidssøkarar til enten ordinært lønna arbeid eller mot fagbrev. Målgruppa for tiltaket er brukarar med store og samansatte utfordringar, som treng tett oppfølging og tilrettelegging for å komme i jobb. Jobbspesialisten er ein del av eit team med metoderettleiar som har ansvar for fagleg oppfølging i teamet, og to andre jobbspesialistar. Tiltaket Arbeid med støtte jobber etter 5-trinnsprosessen, og verdigrunnlaget i metoden Supported Employment (SE). Vikariatet har ei varigheit på 6 månader frå så snart som mogleg.

Arbeidsoppgåver

I 40% av arbeidstida skal du vere ute i arbeidsmarknaden for å skape moglegheiter for våre brukarar. Brukarane kan vere både vaksne og ungdommar. Tenesta blir gitt til brukarar i heile region Nordhordland. Oppfølginga skal skje etter metoden Supported Employment (SE). Du skal administrere og følgje opp portefølje på inntil 20 deltakarar.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført utdanning tilsvarande bachelor. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • erfaring med oppfølging av menneske i sårbare situasjonar
  • erfaring frå arbeid som jobbspesialist
  • kompetanse innan og/eller erfaring frå arbeid etter Supported Employment (SE-metodikk)
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • har gode relasjonelle ferdigheiter
  • kan kommunisere og samarbeide godt internt og eksternt 
  • har evne til å planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere resultat 
  • kan jobbe strukturert og forholde deg til målkrava i tiltaket
  • er modig og tør å utfordre deg sjølv og stå i utfordrande situasjonar 
  • er sjølvstendig og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte oppgåver
  • Fagleg sterke og engasjerte kollegaer i eit aktivt og nyskapande miljø 
  • Eit nytt og moderne lokale 
  • Avlønning som rådgivar i lønnsspenn kr 530 000 – kr 570 000 pr år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. 
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (fra lønnen trekkes 2 %)
  • Fleksibel arbeidstid 

Kontaktinformasjon

Inger Lise Brekke, Avdelingsleiar , 917 24 947

Arbeidsstad

Kvernhushaugane 2
5914 Isdalstø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 4963520820
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted