IT konsulent Nordfjordnett

Ønsker du nye utfordringar i IT bransjen? Nordfjordnett er på jakt etter ein IT konsulent som brenn for IT, og som ønsker å levere dei sikraste, smartaste og mest stabile løysingane til kommunane våre i Nordfjord.  
 
På avdelinga vår Server og applikasjon driftar vi serverar, fagsystem, integrasjonar, IKT utstyr og tek i vare sikkerheita i løysingane for kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Avdelinga er også sentral i digitaliseringa av kommunane og deltek i ein rekke prosjekt. Server og applikasjon er ei av tre avdelingar på driftssenteret som er plassert i Deknepollen. Samarbeidet omfattar også ei strategisk eining for digitalisering og utvikling som er lokalisert på Nordfjordeid.  

Nordfjordnett har hovudkontor i Deknepollen ved Måløy. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret.     

Arbeidsoppgåver

  • Implementering, drift og vedlikehald av IT system og IT utstyr 
  • Herding og sikring av IT utstyr/endepunkt
  • Utføre sikkerheitsvurderingar og identifisere potensielle risikoar og sårbarheiter i kommunane sine IT system, samt foreslå / gjennomføre tiltak for å minimere risiko
  • Vere ein ressursperson i teamet på fleire av våre tenester, og bidra aktivt til kompetansedeling internt
  • Teknisk rådgjeving 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som har lang erfaring frå eitt eller fleire av desse områda: 

  • Intune
  • IT-sikkerheit og risikobasert tenking som drift og oppfølging av antivirus, MDR- og SOC-tenester 
  • Sentralisert drift, operativsystem, plattformer og enheter (PC, mobil, nettbrett)
  • Bygge løysingar på Microsoft 365-plattformen, MS Entra ID
  • Drift av kommunale fagsystem (sak/arkiv, helse/lege) 

Du må ha:

  • Høgare relevant utdanning på bachelornivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning 
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode analytiske evner og ei genuin interesse for IT og teknologi
  • Du er ansvarsbevisst med fokus på sikkerheit og kvalitet 
  • Du er omgjengeleg, har godt humør og er serviceinnstilt
  • Du jobbar godt i team, men også sjølvstendig
  • Du er omstillingsdyktig og endringsorientert  

Vi tilbyr

Løn etter avtale  
Gode pensjons- og forsikringsordningar  
Eit godt arbeidsmiljø der det blir lagt vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel  
God opplæring og jamlege fagøkter  
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med høg aktivitet  

Kontaktinformasjon

Willy Nordpoll , Dagleg leiar, +47 97519520
Anne Ruth Botn Bjørlo, Assisterande dagleg leiar, +47 91809077

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5024149191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025