Intensivsjukepleiarar

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 21. april 2025

Har du lyst på ein jobb som gir deg faglege utfordringar, allsidige arbeidsoppgåver og gode kollegaer?

Vi søkjer dyktige intensivsjukepleiarar og sjukepleiarar til våre intensiv- og postoperative seksjonar. Her får
du anledning til å arbeide saman med engasjerte og høgt kvalifiserte kollegaer.

Som ein del av vårt team vil du bidra til avansert pasientbehandling og overvaking, både innan
intensivmedisin og postoperativ pleie.

Vi ser etter deg som er utdanna intensivsjukepleiar med eit sterkt fagleg engasjement, og
som set pasientsikkerheit i fokus. Du er ein lagspelar som ønskjer å bidra til eit positivt og inkluderande
arbeidsmiljø. I tillegg har du evne til å handtere utfordrande situasjonar på ein strukturert og trygg måte.

Spesifiser i søknaden kva for seksjon du ønskjer å jobbe i. Det er òg mogleg å jobbe i ei stilling som er delt mellom to av seksjonane.
Tilsetjinga føreset arbeid i tredelt turnus.

Intensivmedisinsk seksjon har regionsfunksjon i vest, er ei topp moderne intensiveining med 13
intensivsenger og behandlar opp mot 600 intensivpasientar årleg i alle kategoriar, frå barn til vaksne.
Seksjonen held høg fagleg standard i eit spennande miljø med pasienten i sentrum og stort fokus på fag,
forsking og utdanning. Eksempel på avansert intensivbehandling som blir nytta, er respirator,
hemofiltrasjon og ECMO. Kontakt: Seksjonsleiar Siril Iren Sagstad, tlf 414 54 282.

Postoperativ Glasblokkene  er lokalisert over to etasjar. Vi overvakar og behandlar pasientar etter
obstetrisk og gynekologisk kirurgi, endokrinkirurgi og augekirurgi. I april 2024 utvida vi drifta til
postoperativ overvaking etter barnekirurgi. Vi ser no etter deg som deler vår interesse for kvinnehelse og
barn, og som ønskjer å bidra til vidare vekst og suksess. Vi vil utvikle vår kompetanse og drift på tvers av
etasjane, for både barn og vaksne. Kontakt: Seksjonsleiar Svanhild Foldnes Sangolt, tlf 475 15 846/ 932 60 809.

Postoperativ seksjon  er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der vi overvakar og behandlar om lag
12 000 pasientar årleg. Postoperativ seksjon overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi.
Vi tar òg imot eit stort tal øyeblikkeleg hjelp- og traumepasientar.
Kontakt: Seksjonsleiar Benedicte Mjelde Vogt, tlf 55 972 436 / 996 42 393.

Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon (TIO)  ivaretek hovudsakleg nyopererte hjarte- og
lungepasientar. Seksjonen behandlar òg kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert
intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO. Dette gir deg ein unik
moglegheit til å utvikle deg fagleg både for intensivpasienten og den postoperative pasienten. Kontakt: Seksjonsleiar Laila Hauge, tlf 55 970 376 / 922 54 846.

Seksjonane er ein del av Intensiv- og postoperativ avdeling i Kirurgisk serviceklinikk.

Vi ønskjer oss intensivsjukepleiarar som vil ha fagleg vekst, varierte og spennande utfordringar. Vi vil
kontakte aktuelle kandidatar fortløpande.

Trykk her for å lese meir om Intensiv- og postoperativ avdeling og dei fire seksjonane.

Trykk her for å lese meir om Kirurgisk Serviceklinikk.

Vi treng deg, du er viktig for oss! 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for overvaking, intensivbehandling og sjukepleie til pasientar i akutt og postoperativ fase
  • Arbeidsoppgåvene og prosedyrane er allsidige og varierte, du skal følge opp pasientane i det
    tverrfaglege miljøet
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Ivareta pårørande
  • Arbeid på tvers av seksjonane er forventa 

Arbeidsoppgåvene kan bli endra i takt med avdelinga og /eller sjukehuset si utvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som intensivsjukepleiar
  • Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
  • Kan effektivt organisere og administrere eige arbeid
  • Kunne utføre sjølvstendig arbeid innanfor arbeidsområdet
  • Personlege eigenskapar vil bil vektlagt
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt 

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
  • Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og likar å jobbe i tverrfaglege team
  • Du er tilpassingsdyktig, har god organisasjonsforståing og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å arbeide målretta, og få oppgåvene gjort
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

Vi tilbyr

  • Dyktige medarbeidarar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Faglege utfordringer og ein allsidig arbeidskvardag
  • Variert pasientgrunnlag og god breiddekunnskap
  • Vi legg til rette gode opplæringsvilkår for nytilsette og fagleg utvikling
  • Vi investerer i våre medarbeidarar og arbeidsplanar  

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Øyvind Østerås, Avdelingssjef / avdelingsoverlege, 95482549, oyvind.osteras@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4950763377
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted